next up previous contents index
Next: Forandre eiger og gruppe Up: Filsystemet Previous: Filnamn

Tilgangsrettigheter

UNIX er eit fleirbruker system og må derfor ha mekanismer som styrer tilgangen til program, data eller områder. Som nemnt tidlegare opererer UNIX med eigar, gruppe og alle andre. Den som eig fila kan sette tilgangsrettighetane som skal gjelde for fila. Den som opprettar( vanlegvis) ei fil blir sett som eigar av fila, og den gruppa som eigaren er aktiv medlem i ved opprettelsen vil bli gruppe-tilhørigheten til fila. Ved opprettelse av ei fil vil det bli sett på standard tilgangsrettighetar,- desse kan vere bestemt av systemansvarleg eller av ein sjølv. Det finst ein eigen kommando som set opp kva som skal vere standard tilgangsrettighetar ved oppretting av filar. UNIX opererer med tre typar tilgangsrettighetar: For å sjå på tilgangsrettighetane må vi ta ei lang listing:

 
Figure: Røyrlegging mellom prosessar
zevs%ls -l              
total 51              
-rw-r--- 1 trondk 3456 Feb 25 13:18 Mac.tel
drwx-S-- 3 trondk 1024 Feb 25 08:18 Mail
-rwxr-xr-x 1 trondk 28336 Oct 24 09:51 New Groups File
drwxr-s-- 2 trondk 512 Nov 22 09:55 News
-rw-rw-rw- 1 trondk 2889 Feb 26 09:00 ahs
drwx-S-- 2 trondk 512 Jan 6 10:48 backup
drwx-S-- 2 trondk 512 Dec 6 13:50 bin
-rw-r--- 1 trondk 163 Jan 28 11:04 fmconsole.log
-rwx-x-x 1 trondk 22 Jan 22 10:53 fmdictionary
drwxr-xr-x 2 trondk 512 Aug 12 1991 fraa-tih
-rw-r--- 1 trondk   Feb 27 14:53 help.fil
drwxr-s-- 2 trondk 512 Nov 13 12:27 internett
drwxr-sr-x 3 trondk 512 Dec 3 12:17 macps
drwx-S-- 3 trondk 512 Jan 24 08:34 misc
drwxr-xr-x 3 trondk 512 Aug 12 1991 oppstartfiler
drwxr-s-- 4 trondk 512 Jan 30 09:51 phigs
drwxr-s-- 2 trondk 512 Jan 28 08:26 rfc
drwx-S-- 2 trondk 512 Feb 27 03:00 secure
drwxr-s-- 4 trondk 512 Jan 24 13:03 src
drwxr-s-- 3 trondk 512 Feb 19 13:32 text
zevs%              


La oss sjå litt på fil-lista. Første tegn heilt til venstre fortel kva slags type fil den er,- her er dei fleste katalogar (directory) og derfor står det ein ¨d¨ som første tegn i venstre kolonne. Dei tre etterfølgande tegna er tilgangsrettighetane til eigaren,- dei fleste filane her har alle rettighetar ( lese = r, skrive = w, kjøyre = x). Dei neste tre tegna er tilgangsrettighetane til brukarar i same gruppe,- her ser vi at det er ein del forskjellar ute og går. Det står også både ein liten og stor ¨s¨ der,- det skal eg kome tilbake til seinare. Dei tre siste tegna er rettighetane til alle andre. Som vi ser så er nekting av ein rettighet symbolisert med ¨-¨.


  
Figure: Aksess-rettigheter på filer under UNIX
[IMAGE ]

Neste symbol alltid er eit tall stå for antal lenker til fila,- alle filar kan ha fleire lenker til seg, dvs. at ein kan lage ei fil med eit nytt namn, men istaden for å fyskisk lage ei ny fil lagar ein ei lenke til ei allereie eksisterande fil. Dette er nyttig nå fleire personar skal dele på data eller skal dele på same fila.

I neste kolonne står namnet på eigaren til fila,- i dette tilfellet ¨trondk¨ som er min brukar-identitetet. Så kjem størrelsen på fila, deretter dato og klokke-slett for opprettelse av fila, til slutt filnamnet. Dei same rettighetane gjeld for katalogar, då vil rettighetane ha ein litt anna betydning enn for vanlege filar. Lese-aksess til ein katalog betyr at ein kan liste filane som ligg på katalogen, skrive-aksess betyr at ein kan slette og opprette filar på kataloegn og kjøre aksess betyr eigentleg søketilgang til katalogen, dette betyr at ein kan leite etter filar på denne katalogen men ein vil ikkje ha anledning til å liste filane.


next up previous contents index
Next: Forandre eiger og gruppe Up: Filsystemet Previous: Filnamn
Trond.Kandal@itea.ntnu.no