Next: Filnamn
Up: Filsystemet
Previous: Filar i UNIX
UNIX grupperer filane i hierarkiske katalogar ( engelsk:
directory). På øverste nivå operer UNIX med
begrepet rota ( engelsk: root) som blir representert
ved tegnet ¨/¨.
UNIX har ei stor mengde kommandoar som ligg på kvar si fil.
Desse kommandoane er fordelt på fleire katalogar. dei mest
brukte er lokalisert på /bin og /usr/bin.
Desse katalogane er som regel alltid med i den standard
søkestien( jmfr. tidlegare omtale av PATH).
På /etc-katalogen ligg ein heil del systemfilar og
administrative program.
Det som er av betydning for vanlige brukarar er
heimekatalogen, denne brukar ein fritt innanfor dei grensene
som finst tilgjengeleg i form av fysisk diskplass. Det som er
viktig å merke seg er at alle brukarane deler på den
diskplassen som er tilgjengeleg. Dersom ein brukar meir
plass enn det ein har lov til, vil det berre gå ut over andre
brukarar, tommelfinger-regel nr 1: Vis hensyn !.
Ein vanleg brukar får vanlegvis lov til å lese det meste,
men får berre lov til å skrive på sin eigen
heime-katalog og på temporære katalogar. Desse
temporære katalogane blir stort sett brukt som
kladdekatalogar for program eller programsystem. Felles for
alle desse katalogane er at dei heiter tmp, eksempel:
/tmp, /usr/tmp ...
Dei viktigaste katalogane:
- [/etc] I denne katalogen ligg ein del
systemadministrasjons-filar og konfigurasjonsfilar, særleg
for nettverk. Dei fleste overordna programma for nettverk
ligg også her. Ein vil også finne passord-fila på
denne katalogen.
- [/bin] Katalogen innheld dei fleste brukar-kommandoane.
- [/dev] Inneheld alle enhets-filane, dvs. dei filane som
gjev tilgang til skrivarar, portar, diskar, taper,terminalar
...osv.
- [/usr] Alle filar som er ein del av systemet men som
ikkje er kritiske for at systemet skal kunne kjøyre. Her
vil det ligge brukar-aplikasjonar som f.eks akkurat denne
UNIX-varianten understøttar. Eksempel på programvare
som kan ligge under /usr er kompilatorar og
vindus-system.
- [/usr/bin] Hjelpeprogram for brukarane.
- [/usr/lib] Filar med støtte-funksjonar som globale
bibliotek, oppsett av post-program, skrivarar ....
- [/usr/local] Som regel blir alle lokale tilpasninger lagt
under denne katalogen, dvs. alt som ikkje er standard UNIX
skal eigentleg ligge her. Det kan vere spesiell
konfigurasjon, spesielle program, ...osv.
- [/tmp] Denne temporære katalogen kan brukast som
midlertidig lagring av filar. Alle brukarar har tilgang til
denne katalogen og dei fleste program under UNIX som treng
kladdeområde legg kladde-filane sine på denne
katalogen.
Dette er ikkje ein trygg stad å legge filar,- her er
det fritt fram for å slette filar for alle brukarar, og
dersom maskina ¨går¨ ned vil innholdet på
denne katalogen bli sletta under oppkjøyring av systemet.
(Alle UNIX-system vil starte med ¨blanke¨ ark når
dei skal opp og gå,- derfor slettar alltid UNIX
alle temporære filar som ligg igjen frå tidlegare).
Next: Filnamn
Up: Filsystemet
Previous: Filar i UNIX
Trond.Kandal@itea.ntnu.no