Alle prosessar som blir oppretta får tildelt tre filer,
standard inn , standard ut og standard feilmelding . Når man
er pålogga ved hjelp av f.eks ein terminal vil tastaturet
vere standard inn, skjermen vil vere standard ut og standard
feilmelding. Dette kan ein altså forandre ved hjelp av
omdirigering.
Nå ein brukar omdirigering så er det i første rekke
for å sende dataene enten til ei fil eller ein anna prosess.
Ein kan også få prosessar til å lese inndataene
frå fil istaden for å skrive dataene inn frå
tastaturet. Når ein sender data frå ein prosess over
til ein annan prosess kallast det for
røyrlegging eller piping .
Omdirigering blir brukt slik at små kommandoer blir
kombinert til ein stor og kraftig kommando, som eg nemnde
tidlegare. Omdirigering til eller frå filar brukar ein
< for å ta standard inn frå og > for å sende
data frå standard ut til ei fil. Eksempel:
zevs% ls -l >ls-fila.text
zevs%
Her vart utdataene sendt til fila ls-fila.text,- la oss
ta eit eksempel det vi tek standard inn frå ei fil.
zevs% mailx eyvindh <brevet.til.eyvind
zevs%
Skal standard ut omdirigerast til standard inn til ein anna
prosess brukar vi tegnet | ( engelsk : pipe), på
norsk kan vi oversette det til røyr. Og det er
eigentleg det vi gjer, vi lagar ein røyrledning frå den
eine prosessen til den andre. Eksempel:
zevs% find / -depth -print | cpio -ocvB >/dev/rst1
zevs%
Her har vi både røyrlegging til ein anna prosess og omdirigering til ei fil (denne gongen representerer fila ein enhet,- ein ekstern tape-stasjon). Det denne kommandoen gjer er å finne alle filar i systemet og sender alle namna over til cpio som kopierer desse filane ut på fila /dev/rst1,- dette er enhetsfila for ein tape-stasjon. Vi kan kort og godt seie at vi kjøyrer sikkerhetskopiering av systemet ut på ein tape.