Next: Miljø-variable
Up: Skallet
Previous: Skallet
Det er mulig å angje fleire filar samstundes ved hjelp av
såkalla jokertegn (engelsk : wildcards). Eit
filnamn som inneheld joker tegn kan stå for fleire filar.
I UNIX har vi følgande jokertegn:
- [*] tilsvarar fleire tegn, berre stjerne betyr alle
filar på ståande katalog.
- [?] tilsvarar eitt tegn.
- [[]] brukast for å angje mengder av tegn.
- [-] markerer ei mengde med tegn. Kan stå mellom to
tegn som markerer grensene for mengda. Tegna som markerer
grensene oppfattast som del av mengda,- må stå
innanfor klammeparentesar [].
Stjerne og spørsmålstegnet er forholdsvis enkle å
bruke. Eksempel på korleis dei kan brukast:
- [*] alle filar på ståande katalog.
- [*x] alle filar som endar på ¨x¨.
- [*.o] alle filar som endar på ¨.o¨.
- [??.o] alle filar med filnamn på fire tegn der dei
to siste tegna er ¨.o¨.
- [?????] alle filar med filnamn på fem tegn.
- [tape[0-3]] tilsvarer filane tape0, tape1, tape2 og tape3
dersom dei finst, som vi ser er 0-3 ei mengde og 0 og tre er
også medlemmar i denne mengda.
- [[jy]]ippi tilsvarar filane ¨jippi¨ og
¨yippi¨ dersom dei finst.
Alle joker tegn og alle eksempler for utvelging av filar kan
brukast som argument til alle UNIX kommandoar. Det vil seie at
skallet vil automatisk sette inn dei filane som passar til det
mønsteret ein har oppgjeve som kriterium for utvelging.
Next: Miljø-variable
Up: Skallet
Previous: Skallet
Trond.Kandal@itea.ntnu.no