next up previous contents index
Next: Opprette brukarar under RedHat-Linux Up: Opprette brukarar Previous: Admintool under SunOS 5.x

Kommandoane useradd,userdel og usermod for SunOS 5.x

  SunOS 5.xhar også teiknbaserte verktøy for å opprette, slette og forandre på brukarar. Typisk nok heiter desse programma useradd  , userdel   og usermod  .

I sin enklaste form kan useradd kallast med:


$ useradd bruker 
$

Den vil då berre finne det største numeriske bruker-identeten og inkrementere denne med 1,-- dette er som regel ikkje det ein ønsker. Derfor har den ein god del opsjonar og paramtre som ein kan sende in til kommandoen for å sette spesifikke verdiar. Opsjonen -c skal i følge manual-sida dette kommentar,-- det er eigentleg litt forvirrande å kalle dette kommentar for etter denne opsjonen vil ein oppgje fullt namn på brukaren. Opsjonen -d tek påfølgande argument som heimekatalogen til brukaren. -g tek neste parameter som primærgruppe,-- i tillegg kan ein angje fleire grupper med opsjonen -G og påfølgande liste med grupper-identitetar adskilt med , ( komma). Opsjonen -u tek påfølgande paramter som numerisk bruker-identitet og opsjonen -s tek neste paramter som innloggingsskall.


$ useradd -c 'Olemann Nilsen' -d /home/olemann -g student
-u 25348 -s /bin/bash olemann
$

Med å slenge på opsjonen -D vil ein få lista ut standard-verdiane før brukaren vert oppretta.

Eg anser ikkje denne kommandoen som nyttig utan at den blir brukt i skallprogram når ein f.eks har ei heil masse brukarar som skal opprettast. Stort sett i tilfeller når bruk av admintool blir for arbeidskrevande.

usermod blir som kommando-namnet indikerer brukt til å forandre ein eller fleire av brukar-profilen når det gjeld brukar-namn, primærgruppe og andre grupper, heimekatalog, skall, fullt namn og numerisk brukar-identitet. Den tek stort sett dei same opsjonane som useradd .


$ usermod -u 23456 -g ansatt -G ftp,www -d /home/ole
-l ole olemann
$

(I begge eksempla er det lagt inn linjeskift for å få ein finare formatering av dette dokumentet.)


$ userdel -r ole
$

userdel er ein god del enklare å bruke,-- einaste opsjon er -r som er valgfri for å slette heimekatalog. Før ein brukar denne opsjonen bør ein sjekke nøye om ein kan slette heime-katalogen. Eg har fleire eksemplar på at nokon har laga ein temporær brukar og at vedkomande har lagt denne på / (rota) og dermed kan ein risikere at heile systemet vert sletta.

Både useradd ,usermod og userdel vil feile dersom ein skal opprette heimekatalog, flytte eller slette heimekatalogen og den er montert via NFS frå anna maskin utan at root har skrivetilgang.


next up previous contents index
Next: Opprette brukarar under RedHat-Linux Up: Opprette brukarar Previous: Admintool under SunOS 5.x
Trond.Kandal@itea.ntnu.no