Ved å velge i menyen Browse ( ref fig. 24.1 ) kan ein krysse kva database ein vil kikke på eller eventuelt oppdatere. Ved å krysse av for Users i Browse -menyen og velge Add i Edit -menyen får ein opp eit vindu ( ref. fig. 24.2 ) med eit skjema der ein kan skrive inn dei nødvendige opplysningane.
Mange av desse felta har sjølvforklarande tekst så derfor vil eg gå nærare inn på korleis ein gjer dette. Det som ser ut som eit problem med denne er at den ikkje får til å lage heimekatalogen når den er montert via NFS,-- og det er jo dei fleste idag!. Dette problemet kan rettast opp med å eksportere filsystemet med root-tilgang for den maskina som har den globale passordfila,-- eller er NIS-server ( YP-server). Dette er ein rein katastrofe når det gjeld sikkerhet,-- men dette skal eg kome tilbake til seinare. Ellers er admintool ein hendig og rask liten sak som er enkel å lære og bruke.