Denne kommandoen vil finst på dei aller fleste BSD-baserte system eller system som har BSD-utvidelsar. Eksempel på dette er SunOS 4.x, SunOS 5.x, RedHat-Linux, Ultrix og Digital UNIX.
Etter at ein har oppdatert passord-fila må ein på Solaris 2.x kjøyre programmet pwconv som eg nemnde tidlegare for også å få oppdatert /etc/shadow . Det vil også vere nødvendig å kjøyre passord-programmet passwd for å sette passord på brukaren. Dette gjer ein med:
$ passwd brukernamn New password: New password (again): Password changed passwd: all authentication tokens updated successfully $
Dette eksemplet er henta frå RedHat-Linux v. 4.1. På Solaris 2.5 har denne kommandoen ein litt anna vri,-- mest på grunn av introduksjonen av ein ny og sikrare katalogfunksjon som Sun Microsystems kallar NIS+ .
$ passwd -r files brukernamn New password: Re-enter new password: $
Her må ein spesifikt seie ifrå om ein vil oppdatere /etc/passwd og /etc/shadow fordi skifte av passord kan også skje gjennom ei katalogteneste. Dersom passordet vart skifta på ei maskin som ikkje er NIS+ - eller NIS -server må passordet bli sendt over nettverket til riktig maskin slik at passordet blir oppdatert og dermed kan bli spreidd til alle maskiner i nettverket.
Digital UNIX har valgt å legge passordet i /etc/passwd ,-- men har laga ein liten vri for å klare å slå fort opp i passord-fila. Derfor har DEC laga eit lite program mkpasswd som må kjøyrast etter at ein har oppdatert passord-fila med nødvendig informasjon og passord for å legge fila over ein slags indeksert database-format som er raskare å slå opp i enn ei flat fil. Etter at programmet er kjøyrt vert filane /etc/passwd.dir og /etc/passwd.pag oppdatert. Brukaren vert heller ikkje tilgjengeleg før ein har gjort dette. Dette gjeld berre dersom ein ikkje kjøyrer NIS ( YP ).