Next: Skallet
Up: Grunnleggande kommandoar
Previous: Kven er innlogga ?
Etter å ha logga inn første gangen vil ein gjerne sette
sitt eige passord . Det kan ein gjere med kommandoen
passwd .
Eksempel:
zevs% passwd
passwd: Changing password for trondk
Old password: det gamle passordet
New password: tast inn det nye passordet
Re-enter new password: det nye passordet på nytt
#1010#>zevs%
Gjer ein feil undervegs vil passord-programmet skrive ut feilmeldingar,-
men ver merksam på at passord må minst ha 6 tegn. Bruk
gjerne suspekte samansetningar av tal,store- og små bokstavar.
Bruker-identitet, bruker-identiteten baklengs, namn på kone, barn
etc. ..., er bannlyst !. Alt dette er sukkertøy for folk som har
som hobby å bryte seg inn på data-system. Undersøkelsar
frå USA fortel om personar som har klarer å knekke ca. 20 %
av alle passord på eit gitt system iløpet av berre eit par
timar !. Dersom du syns det er vanskeleg å huske passordet kan
ein jo skrive det ned og oppbevare det på ein trygg plass. Det
beste er sjølvsagt å huske det utan å skrive det ned !.
Har ein gløymt passordet er det beste å kontakte
system-ansvarleg for å sette eit nytt passord, det er ein
forholdsvis liten arbeidsoperasjon både for brukarane og
system-ansvarleg.
Next: Skallet
Up: Grunnleggande kommandoar
Previous: Kven er innlogga ?
Trond.Kandal@itea.ntnu.no