I eit nettverk der det blir kjøyrt NIS må ein ha ein maskin som er såkalla NIS-master der ein oppdaterer dei filane som skal blir spreidd i nettverket. I tillegg kan ein ha såkalla NIS-slavar som også fungerer som ein slags MIS-master og kan svare på forespørslar,-- men desse maskinene får berre kopi av filane som dei legg på disk frå den som er NIS-master . Den siste typen er såkalla NIS-klientar som må gjere alle oppslag i katalogtenesta til enten NIS-slavar eller til ein NIS-master . Alle typar maskiner har sjølvsagt ein lokal kopi av alle filane som blir distribuert av NIS ,-- men dersom den ikkje finn det den leitar etter vil maskina slå opp i NIS .
NIS+ er vidareutvikling av NIS . Mykje av svakheten til NIS var at det i utgangspunktet var lagt lite vekt på sikkerhet då det vart utvikla. For å bøte på dette laga Sun Microsystems eit system som har mange likhetar med NIS ,-- men som internt er veldig forskjellig. Mellom anna er det lagt på kryptering på all nett-trafikk og ein kan lettare detalj-styre tilgangen til tenester og informasjon. NIS hadde også store kapasitetsproblem dersom nettverket var stort og ei stor mengde av maskiner heile tida skulle ha oppdatert og konsistent katalog-informasjon. Dersom netverket består av meir enn 1000 maskiner bør ein bruke NIS+ istaden for NIS .