next up previous contents index
Next: NIS, NIS+ eller Yellow Up: Brukerkurs i UNIX Previous: Signal

Opprette brukarar

  Noko av det første ein systemansvarleg må lære seg er å opprette brukarar,-- derfor er dette kanskje ein av dei viktigaste kunnskapane ein treng. For å kunne gjere dette treng ein litt bakgunnskunnskap om formatet på dei forskjellige filane som ein treng å oppdatere.

Ofte er oppretting av brukarar noko av det mest innfløkte ein kan gjere fordi det eksisterer så mange måtar å gjere dette på. I tillegg har mange organisasjonar så forskjellig politikk om tilgang til filar og ressursar. Ettersom fleire og fleire organisasjonar blir meir og meir nettverksbaserte med forskjellige plattformar som skal dele filar og andre ressursar vert kompleksiteten endå større. Som regel finst det begrensingar når ein skal kombinere forskjellige løysingar og då er det ofte systemansvarleg som må finne ei løysing ved å kombinere brukarar og brukar-grupper.



 

Trond.Kandal@itea.ntnu.no