next up previous contents index
Next: Forandre passord Up: Grunnleggande kommandoar Previous: Slette filar

Kven er innlogga ?

For å finne ut kven som er innlogga på UNIX-maskina kan ein bruke kommandoen who . Kommandoen listar ut bruker-identitetane til dei som er innlogga, kva terminal-inngang dei brukar og når dei har logga seg inn. På BSD variantar vil ein også få sjå kva for ei maskin ein brukar kjem frå dersom denne brukaren har logga seg på systemet frå ei anna maskin. Eksempel:
           
zevs% who          
royt console Mar 17 11:32  
trondk p0 Mar 17 08:15 (asterix.ifi.unit.)
andreaso p1 Mar 17 12:03 (hera.ifi.unit.no)
ragnark p2 Mar 17 11:23 (vatix.ifi.unit.no)
svenng p3 Mar 17 10:03 (arion.ifi.unit.no)
zevs%          


System V vil produsere omtrent dei same dataene. Dersom ein av ein eller anna grunn lurer på kva for ein innloggingsidentitet ein har kan ein skrive:

zevs% who am i          
trondk p0 Mar 17 08:15 (asterix.ifi.unit.)
zevs%          


who am i er System V måten å få vete sin eigen identitet på,- på BSD variantar heiter kommandoen whoami (stort sett har alle UNIX-system begge variantane). Denne kommandoen er i første rekke nyttig for systemansvarlege som stadig skifter brukar-identitet,- det kan vere veldig nyttig å vete kven ein er innlogga som før ein set igang med f.eks sletting av filar ....
next up previous contents index
Next: Forandre passord Up: Grunnleggande kommandoar Previous: Slette filar
Trond.Kandal@itea.ntnu.no