next up previous contents index
Next: "Borplate-menyen" Up: Vindussystemet X Windows Previous: Starte X Windows

Miljø-varable under X Windows

Sidan X Windows kan kjøyre transparent over nettverk må X klientar bli fortalt kor dei skal vise resultatet. Dette gjer ein ved å sette miljø-variablen DISPLAY . Denne skal vanlegvis ha verdien DISPLAY=maskin-namn:0.0,- der maskin-namn skal vere fullt kvalifisert maskin-namn på Internett form eller IP-adresse. Under sh og bashvil ein sette denne miljø-variabelen med:

$ DISPLAY=arion.ifi.unit.no:0
$ export DISPLAY
$
Under csh ville dette bli:

% setenv DISPLAY arion.ifi.unit.no:0
%
Skal ein kun sitje lokalt på ei maskin på konsollet kan DISPLAY settast til unix:0 eller kun :0. Vanlegvis vil oppstartrutinene vere såpass inteligente at denne miljø-variabelen bli sett rett ( men det hender jo at ein går litt i surr ...). Dersom DISPLAY ikkje er sette riktig vil ein få ei feilmelding som liknar på dette når ein kjøyrer startx.

% startx
xinit: Can't open display
%
Dersom det oppstår andre feil som gjer at ikkje X Windows vi starte opp skal det ligge filar som .xsession-errors eller .startx-errors på heime-katalogen der alle feilmeldngar blir logga.



Trond.Kandal@itea.ntnu.no