next up previous contents index
Next: Prinsippet for vindussystemet X Up: Brukerkurs i UNIX Previous: Adressering av elektronisk post

Vindussystemet X Windows

Vindussystemet X Windows starta som eit prosjekt for å lage eit grafisk vindussystem for arbeidsstasjonar. X Windows hadde eit litt spesielt utgangspunkt,- det vart laga på ein høgskule som var opptatt av å spare pengar ved innkjøp av utstyr,- derfor skulle vindussystemet gå på dei fleste operativsystem,nettverk og maskinplattformer utan brukarane skulle merke forskjell i oppsett og funksjonalitet. I tillegg skulle det vere mulig å utnytte reknekrafta frå fleire maskiner utan å måtte bry seg om fysisk plassering. Derfor vart X Windows den første vindussystemet som kan brukast transparent over nettverk og var det første systemet som utnytta klient-tenar prinsippet. Seinare har W Windows vorte "industri-standard" for levrandøruavhengige vindussystem på arbeidsstasjon-plattform.

Namnet kjem av at X Windows var ein vidareutvikling av vindussystemet W frå Stanford. X Windows vart utvikla ved MIT Laboratory for Computer Science for prosjektet Athena som skulle oppfylle prosjektet sitt krav til ein distribuert, maskinuavhengig grafisk plattform. Tidlege versjonar vart stort sett berre brukt innanfor MIT og DEC,- men etter at versjon 10 kom på bana,- såg mange data-selskap kommersielle mulighetar i produktet bl.a Sillicon Graphics og SUN. DEC laga seinare DEC-Windows som var basert på X Windows og skulle kjøyrast både på operativsystemet VMS og Ultrix. Fleire andre levrandørar har også laga andre versjonar,- f.eks Sun Microsystems med sin "Open Windows", GL frå Sillicon Graphics som er spesialisert for 3-D, og kanskje den mest kjende MOTIF frå OSF. Etter kvart har også X Windows ført til spesielle maskiner som X Terminalar som er optimalisert for klient-tenar prinsippet under X Windows, enkelte levrandørar har faktisk bygd seg opp på dette markedssegmentet som f.eks NCD som kun lagar X Terminalar. Vindussystemet X Window er eit levrandør uavhengig vindussystem, for at det skal utvikle seg i riktig retning har fleire levrandørar og MIT ( Massachusetts Institute of Technologies ) oppretta eit konsortium, The X Windows Consortium ) som skal styre utviklinga av W Windows. I tillegg kan alle som vil, fritt kopiere basisdistribusjonen som kjem frå MIT. Det meste gledelege er at etter kvart eksisterar store mengder med gratisprogramvare for X Windows som ein kan finne på Internett og andre stader. Denne programvaren held høg kvalitet og funksjonalitet,- og det vanskeleg å tenkje seg teknisk programvare som ikkje er utvikla under X Windows. Ulempa med X Windows er at det gjer det "vansklegare" å programmere,- dette er velkjende problem både for Macintosh og MS Windows,- etter kvart har det kome ein del UIMS-system som gjer utviklinga lettare. MOTIF er også eit slikt steg i riktig retning,- MOTIF inneheld ein god del med ferdige rutiner som gjer det enklare å utvikle programvare. Etter kvart finst det ein god del verktøy som gjer utviklinga forholdsvis enkel,- iallefall like enkel som det vi kjenner frå andre vindussystem.


 
next up previous contents index
Next: Prinsippet for vindussystemet X Up: Brukerkurs i UNIX Previous: Adressering av elektronisk post
Trond.Kandal@itea.ntnu.no