next up previous contents index
Next: Slette filar Up: Grunnleggande kommandoar Previous: Liste filar

Kikke på innhold i filar

For å få innholdet i ei fil lista ut på skjermen har UNIX mange program(disse programma kan sjølvsagt brukast til andre ting også !). Dei mest vanlege å bruke er cat  og more . Begge tek filnamn som parameter. Eksempel:

zevs% cat teksten
Dette er berre ein test ...
Dette er siste linje i fila testen.
Det programmet som blir brukt mest er more, fordi dette programmet er spesialsydd for å liste fil-innhold ut på skjermen. Programmet har ein del funksjonar som er nyttige i denne samanheng, f.eks viser programmet berre ei skjermfull dersom innholdet okkuperer meir enn ei skjermside, ein kan gå framover ved å trykke f og bakover ved å trykke b osv. ..., og avslutte ved å trykke q. Dessverre så finst det mange variantar av more slik at det er ikkje alt som verkar på alle. På enkelte system heiter dette programmet less,- som regel vil begge namn fungere for same kommando ( dvs. det er sett opp ein alias ).

Trond.Kandal@itea.ntnu.no