Next: Nettverkskommunikasjon
Up: Klokkefunksjonen i UNIX, cron
Previous: Klokkefunksjonen i UNIX, cron
Det er to måtar ein kan legge ein kan legge inn såkalla
cron-jobbar. Enten ved å legge dei i ei fil og utføre
kommandoen crontab med filnamnet som parameter eller skrive direkte i
crontab-fila.
Skal ein gjere det første kan ein berre legge kommandoane og alle direktiva
til cron i ei fil,- her er det no ein fordel å lese manualsida for cron
før ein startar opp. Når fila er ferdig alt er klappet og klart
utfører ein kommandoen:
zevs# crontab filnamn zevs#
Ver oppmerksom på at den tidlegare crontab-fila berre blir
overskreven,- derfor er det kanskje betre å bruke neste metode.
Denne går ut på at systemet kopierer crontab-fila di til ei
temporær fil,- du editerer på den temporære fila og
når du avsluttar vert den temporære fila lagt tilbake som ny
crontab-fil for din konto.
zevs# crontab -e
[IMAGE ] zevs#
Etterpå kan du ta kommandoen crontab -l for å liste
crontab-fila og sjå om alt stemmer.
Som standard crontab starte opp vi som editor når ein skal
editere på crontab-fila,- dette kan ein overstyre ved å sette
miljø-variabelane ( enten ein eller begge, det skadar ikkje om
begge er sett ) VISUAL og
EDITOR .
Next: Nettverkskommunikasjon
Up: Klokkefunksjonen i UNIX, cron
Previous: Klokkefunksjonen i UNIX, cron
Trond.Kandal@itea.ntnu.no