next up previous contents index
Next: Lage cron-jobbar Up: Satsvis-kjøyring Previous: Sikkerhetsvurderingar med at og

Klokkefunksjonen i UNIX, cron

Kommandoane at og batch brukar mulighetane av meir fundamentale mekanismer som alltid køyrer i eit UNIX-system. Denne funksjonen vert kalla cron,- den kikka vi på med kommandoen : ps -ax eller ps -ef. Faktisk er cron ein av dei programma som vert starta opp tidleg i oppstart-sekvensen for alle UNIX-system. cron-prosessen vere konstant til stades i eit system som kjøyrer. Ein gong i minuttet vaknar cron opp, sjekkar kontroll-fila om det er jobbar som skal eksekverast på dette tidspunktet og eksekverer dei. Dersom det er ingenting som skal gjerast vil cron sove til neste minutt er passert. Programmet cron er eigentleg ikkje eit bruker-program og skal ikkje ekskverast direkte,- sjølv ikkje av super-bruker. Dersom det kjøyrer to kopiar av cron vil maskina oppføre seg rart og dersom cron ikkje kjøyrer skal ein restarte maskina. Dersom cron ikkje kjøyrer etter ein restart,- er dette symptom på at eit eller anna er alvorleg feil med installasjonen. NB! Det finst versjonar av UNIX som kallar dette programmet for anna enn cron,- slik at ein vil ikkje finne ein prosess med namnet cron i prosess-listinga. Sjekk dette på førehand. Iallefall, funksjonen som cron utfører er grunnleggande for at UNIX-system skal fungere, og den vil alltid vere tilgjengeleg under eit eller anna namn med mindre at installasjonen er øydelagt.

 
next up previous contents index
Next: Lage cron-jobbar Up: Satsvis-kjøyring Previous: Sikkerhetsvurderingar med at og
Trond.Kandal@itea.ntnu.no