next up previous contents index
Next: Logge ut Up: Grunnleggande kommandoar Previous: Grunnleggande kommandoar

Logge inn

Eg antek at alle er kjende med terminalar og terminal-emulatorer både på PC og Mac. Ellers gå det jo også an å prøve seg direkte på konsollet !. For å logge inn  må ein ha eit av følgande skjermbilde:

SunOS UNIX (zevs)
 
login: 
 

eller   System V UNIX (arion)   login:  

Som vi ser den eine presenterer seg som ein System V UNIX  medan den andre er ein BSD  variant.

Markøren vil stå rett etter login:,- der skal ein skrive inn den bruker-identiteten ein har fått frå systemansvarleg,- når ein har gjort det avsluttar ein med å trykke retur-tasten.

Systemet vil då spørje etter passord:


SunOS UNIX (zevs)
 
login: trondk
Password:
 
eller
 
System V UNIX (arion)
 
login: troka
Password:
Oppgje passord ( ver ikkje redd, dei tegna du tastar vil ikkje kome til syne på skjermen). OBS !!: Vent med å oppgje passord til systemet skriv ut passord-ledeteksten. Dersom du skriv inn passordet før ledeteksten vil passordet bli synleg på skjermen. Dessutan vil ikkje login-programmet oppfatte passordet, ein vil få ei feilmelding og ein kjem ikkje inn på systemet. Dersom bruker-identiteten er feil eller passordet er feil vil ein få feilmelding. Merk !!: UNIX skiller på store og små bokstaver også ved bruker-identiteter og passord.

SunOS UNIX (zevs)
 
login: trondk
Password:
Login incorrect
login:
Då må ein starte om igjen på nytt med å oppgje bruker-identitet og passord.

Dersom ein har gjort alt riktig vil systemet presentere seg på ein eller annan måte,- det er i grunn opp til systemansvarleg å legge opp rutiner for program som skal utførast ved innlogging. Det er også vanleg å gje viktige meldingar ved hjelp av innloggingsprosedyrene.


SunOS UNIX (zevs)
 
login: trondk
Password:
 
Last login: Wed Feb 26 13:18:12 from asterix.ifi.unit.no
SunOS Release 4.1.1 (GENERIC) #1: Thu Oct 11 10:25:14 PDT 1990
 

You have mail.   . . . zevs%   eller   System V UNIX (arion)   login: troka Password: UNIX System V/386 Release 3.2 arion Copyright (C) 1984, 1986, 1987, 1988 AT&T Copyright (C) 1987, 1988 Microsoft Corp. All Rights Reserved Login last used: Wed Feb 26 09:20:45 1992   . . . arion%  


next up previous contents index
Next: Logge ut Up: Grunnleggande kommandoar Previous: Grunnleggande kommandoar
Trond.Kandal@itea.ntnu.no