zevs# ls -l locus.txt -rw-r-r- 1 trondk 20916 Jan 22 11:34 locus.txt zevs# compress locus.txt zevs# ls -l locus.txt.Z -rw-r-r- 1 trondk 8969 Jan 22 11:34 locus.txt.Z zevs#Programmet compress tek ei liste av filnamn som parameter og produserer ein komprimert versjon av kvar fil. Programmet forandrar også filnamnet ved å legge .Z til filnamnet. Derfor, dersom ein har ei granse på 14 tegn i filnamn, kan ein berre pakke filar med 12 tegn i filnamnet. Programmet pack er ein del år eldre, men blir fortsatt brukt ein del. Kommandoen pack tek ei liste av filnamn som parameter og produserer ein komprimert versjon av kvar fil.
zevs# pack locus.txt pack: locus.txt: 34.3% Compression zevs#Programmet forandrar namnet på fila ved å legge .z til på slutten av filnamnet. Også dette programmet kan ikkje pakke filar med meir enn 12 tegn i filnamnet dersom ein opererer med ei grense på 14 tegn i filnamn. Programmet unpack fungerer på same måte som uncompress ,- dvs. pakke opp filane og lagre dei i sin opprinnelege form. Dei fleste vil foretrekke compress fordi dette programmet klarar som regel å lage mindre filar enn pack. Desse kommandoane er som regel standard på alle system,- i tillegg finst det eit gratis pakke-program som heiter gzip ,- filane frå dette programmet endar som regel på .gz. Oppakking skjer med kommandoen gunzip . Dette siste programet er å foretrekke framfor compress og pack fordi det pakkar betre og har fleire mulighetar.