Next: Komprimering av filar
Up: Media
Previous: Ledig disk plass,- kommandoen
Kommandoen df rapporterer tilgjengeleg diskplass på
alle filsystem. Ein har også bruk for å vete kor mykje
plass ein brukar. Til det brukar ein kommandoen du ( for
disk usage ).
zevs# cd text
zevs# du
183 ./unixkurs/ps
1622 ./unixkurs/bak
283 ./unixkurs/dos
3867 ./unixkurs
281 ./regler
107 ./misc
4257 .
zevs#
På BSD-UNIX eller SunOS, som i dette tilfellet, rapporterer
programmet størrelse i antal blokker som igjen er på
1Kbyte. På System V er vanlegvis blokk-størrelsen på
512 byte.
arion# cd src
arion# du
110 ./script
506 ./c-src
618 .
arion#
Som standard tek ikkje du filnamn som parameter,- berre
katalogar. Programmet rapporterar for alle sub-katalogar i
katalogen. Dersom ein brukar opsjonen -a vil du
generere ei linje for kvar fil og katalog,- istaden for berre
katalogar.
zevs# du -a
5 ./arbkon.doc
3 ./cc-tull.tex
1 ./patch-zevs.tex
1 ./laanekassa.tex
1 ./rrestore.tex
1 ./forside.tex
3 ./juleb92.tex
3 ./it12.txt
1 ./nydisk.tex
17 ./julebord.cdr
2 ./sun-vol-p.tex
3 ./sun-utgifter.tex
42 .
arion#
Vidare har du opsjonen -s ( for summary ), som
gjer at du berre skriv ut den samla som summen av blokker
for katalogar og subkatalogar.
zevs# du -s text
4193 text
zevs#
Som vi ser vil ein få ein mykje betre og kortare liste å
forholde seg til dersom ein vil berre ha eit raskt overblikk
over disk-forbruket.
Next: Komprimering av filar
Up: Media
Previous: Ledig disk plass,- kommandoen
Trond.Kandal@itea.ntnu.no