Som standard vert Bourne skallet starta av systemet dersom ein ikkje har spesifisert anna når ein loggar inn på systemet. Bourne skallet les oppstartfilane /etc/profile og $HOME/.profile, og skriv ut PS1 som ledetekst for å fortelje at det er klart til å ta imot kommandoar. Dette skall ver kall innloggingsskallet fordi det vert starta av systemet når ein loggar inn. Dersom ein brukar exec skall i oppstartfilane eller startar eit anna skall frå kommando-linja, startar ein eit sub-skall som ikkje er eit innloggingsskall. Dersom ein foretrekk andre skall enn det som er spesifisert som innloggingsskall er dette veldig enkelt å forandre for den som system-ansvarleg. Dersom ein vil bruke ksh som innloggingsskall kan ein fortsette å bruke $HOME/.profile som oppstartfil,- men i tilleg kan ein definere eit filnamn i ein miljø-variabel ENV, denne fila vert også brukt som oppstartfil for ksh i tillegg til $HOME.profile. C skallet brukar ikkje $HOME/.profile, istaden brukar csh to filer, $HOME/.cshrc og $HOME/.login . Begge vert intrepretert som skall-program. Når ein loggar inn vil csh først utføre $HOME/.cshrc, dertter $HOME/.login. Dersom csh ikkje er eit innloggingsskall vil det hoppe over $HOME/.login. Dersom ein brukar csh som innloggingsskall kan ein også lage ei fil .logout på heime-katalogen. Denne fila vert lesen og utført av csh når ein loggar ut. Bourne og Korn skallet har ikkje denne muligheten.