Next: Kommando-historie og editering av
Up: C skallet
Previous: Kommandolinja
Ein av dei største forskjellane mellom sh, ksh og
csh,- er korleis csh behandlar miljø-variable.
Miljø-variabelen PS1 finst ikkje under csh
,-
istaden vert brukar csh ein variabelen som heiter
prompt for den same funksjonen. Kommandoen set blir
brukt for å manipulere miljø-variable :
zevs% set prompt="ka du vil ?"
ka du vil ?
Legg merke til at under csh vert alle miljø-variable
skrevne med små bokstavar. Andre viktige variablar er
home og term, som erstattar HOME og TERM som
vi kjenner frå sh og ksh.
Ein kan forandre den ekvivalente av PATH ved å sette
path-variabelen . Verdien av denne er ei liste av
katalogar avskilt med mellomrom, og omslutta av parentesar.
ka du vil ?set path=( /bin /usr/bin /usr/ucb/usr/local/bin . )
ka du vil ?
Ein treng ikkje å eksportere variable under
csh,- skallet handterer dette automatisk. Same formem vert
brukt av miljø-variablene cdpath ,- som er ekvivalent
med CDPATH i Bourne og Korn skallet.
ka du vil ? set cdpath=( $home . /usr/bin )
ka du vil ?
Legg merke til bruken av home. På same måte som
i Bourne og Korn skallet brukar ein miljø
variable ved hjelp av operatoren $.
Andre variable vert også støtta av csh, og dei
vert manipulert av set-kommandoen. Dei viktigaste er
noclobber som sikrar at csh ikkje overskriv
eksisterande filer ved redirigering. Vidare ignoreeof
som ignorer CTRL-D som utloggingstegn.
Prøv denne kommandoen:
ka du vil ? set
for å liste ut den aktive lista. Ellers vil eg berre
henvise til UNIX man-sidene.
Next: Kommando-historie og editering av
Up: C skallet
Previous: Kommandolinja
Trond.Kandal@itea.ntnu.no