next up previous contents index
Next: Operasjonar på miljø-variable Up: Forbetringar for skall-programmering under Previous: Tabellar

Forbetra spørring, inn og ut

Korn skallet har mange innebygde kommandoar som gjer det lettare å spørje ein bruker etter inndata og lese linjer med data frå ei fil. Kommandoen print substituerer på mange måtar echo  , den kan skrive utdata til skjerm, til historie-lista ( med opsjonen -s ), eller til mange andre mål. Kommandoen read   vert brukt til å lese ei linje med inndata. Inndata som vert lese inn vert tilordna miljø-variablane som er oppgitt som parametre til read.

$ read a1 a2 a3
har vi det kjekt no eller
$ echo $a1
har
$ echo $a3
det kjekt no eller
$
Dersom inndataene inneheld fleire ord enn det er parametre til read,- vil det siste argumentet fange alle dei ekstra orda. Dersom det er færre ord i inndataene enn argument til read,- vil dei ekstra argumenta vere udefinerte. Dersom det første argumentet til read inneheld eit spørsmålstegn, vil tegna etter spørsmålstegnet bli skreve ut som ledetekst, og ordet før spørsmålstegnet er namnet på den miljø-variabelen som tek det første ordet i inndataene.

$ read a1?"Kvisleis hev du det idag ?" a2 a3
Kvisleis hev du det idag ? ikkje saa verst kossen det
$ echo a1
ikkje
$ echo a2
saa
$ echo a3
verst kossen det
$
Dette gjer at ein kan spørre etter inndata frå brukaren mykje meir effektivt enn i Bourne skallet.
next up previous contents index
Next: Operasjonar på miljø-variable Up: Forbetringar for skall-programmering under Previous: Tabellar
Trond.Kandal@itea.ntnu.no