next up previous contents index
Next: Tabellar Up: Forbetringar for skall-programmering under Previous: Forbetringar for skall-programmering under

Aritmetriske operatorar

Ein av dei mest viktige forbetringane under ksh er aritmetriske operatorar. Under sh må ein bruke kommandoen expr for å evaluere numeriske uttrykk. Denne er både treg og ineffektiv fordi det er ein eigen sjølvstendig kommando som blir eksekvert som ein eigen prosess. I ksh er dei fleste aritmetriske operatorane innebygde slik at dei vert utført mykje raskare.

Kommandoen let vert brukt til å sette og forandre verdiar på miljø-variable.  


$ let x=42
$ echo $x
42
$
Deretter kan ein bruke vanlege aritmetriske operatorar for å oppdatere eller forandre verdiar.

$ let x=42
$ let x=$x*3-11
$ echo $x
115
$
Legg merke til at normal aritmetrisk presedens vert følgd. For å forandre rekkefølgen av evalueringa,- må ein bruke temporære tilordningar.

$ let x=42
$ let y=3-11
$ let x=$x*$y
$ echo $x
-336
$
Ein kan ikkje ha mellomrom eller tabulatorar i let-kommandoar, men ein kan bruke posisjonsparametre ( sjå kapitlet om skall-programmering ) eller andre miljø-variable. Ein kan i tillegg utelate let- operatoren fordi tegnet = fortel ksh at ein vil utføre ein aritmetrisk operasjon.

Trond.Kandal@itea.ntnu.no