$ set -n $Instruerer ksh til å lese kommandoar i skall-program og sjekke dei for feil,- men ikkje eksekvere kommandoane. Denne opsjonen vert ignorert for interaktive skall. For å resette til opprinneleg modus:
$ set +n $Generelt kan vi seie at ein opsjon vert sett dersom argumentet startar med -,- og resett dersom argumentet startar med +.
$ set -a $Dette medfører at alle miljø-variable som etter dette blir definert,- vil automatisk bli eksportert. ( Vanlegvis må ein bruke export ,- jmfr. omtale av miljø-variable ).
$ set -v $Denne opsjonen kallar ein verbose,- denn medfører at ksh vil skrive ut kvar kommando i eit skall-program etter kvart som den vert utført. Denne opsjonen kan vere veldig nyttig for å avluse skall-program.
$ set -m $Når denne opsjonen er sett vil ksh informere om at ein bakgrunnsjobb er ferdig. Dette kan ofte vere nyttig,- særleg dersom ein må vente på ein bakgrunnsjobb før å få gjort noko anna.
Den andre typen set-kommandoar er kommandoar som direkte kontrollerer interaktive sesjonar. Desse kommandoane har gjerne formen:
set -o opsjonder opsjon er ein av følgande typar:
$ set -o ignoreeof $Dette vil føre til at skallet vil ignorere CTRL-D , og dermed sikre ein mot at ein ikkje vil bli utlogga dersom ein trykker CTRL-D ved ein misforståelse. Når ignoreeof er sett, må ein bruke exit for å logge ut.
$ set -o noclobber $Denne kommandoen vil passe på at ikkje redirigerings operatoren > ikkje vil trunkere ei eksisterande fil. Dette kan vere veldig nyttig for å fange opp misforståelsar og ta vare på filar som ellers ville ha vorte overskrevne.
Ein kan bruke:
$ set -o emacs
$
eller
$ set -o vi
$
for å overstyre miljø-variabelen VISUAL og forandre
modus for kommando-linje editering.
$ set -o bgnice
$
Denne vert sett for å la alle bakgrunn-jobbar kjøyre med
lavare prioritet enn vanleg. Opsjonen bgnice er som
standard sett,- slik at opsjonen må slåast av dersom
bakgrunnsjobbar skal ha normal prioritet.