$ alias rm="rm -i" $Dersom ein no eksekverer kommandoen "rm" vil skallet ekspandere kommandoen til "rm -i".
Det er fleire reglar knytta til aliaser. Eit alias kan
inneholde så mange ord som ein vil ha, så lenge ein
omsluttar dei med hermetegn i alias kommandoen. Alias
erstatninga vil bli utført kun på det første
ordet på kommando-linja,- og på det første ordet av
kvart element i ein røyrledning.
$ alias grep="fgrep -i"
$ grep hallo fila | grep grep
vil ekspandere til kommando-linja:
fgrep -i hallo fila | fgrep -i grep
I tilleg vil ikkje kommandoar som startar med / ( slash ),
for å spesifisere fullt stinamn, ikkje bli prøvt å
ekspandere.
Ein kan fjerne aliaser med kommandoen unalias.
unailias
$ rm
$
Kommandoen alias utan parametre vil liste ut alle
definerte alias.
$ alias
autoload='typeset -fu'
command='command '
false='let 0'
functions='typeset -f'
h=history
hash='alias -t -'
history=h
integer='typeset -i'
local=typeset
ls=/bin/ls
nohup='nohup '
r='fc -e -'
stop='kill -STOP'
suspend='kill -STOP '
true=:
type='whence -v'
$
Ein kan lage så mange aliaser ein berre vil, men sidan
aliaser blir handtert internt av ksh, vil dei ikkje
overleve fleire sesjonar. Derfor må aliaser vere definert i
oppstart-filane for ksh.