next up previous contents index
Next: Aliaser i ksh Up: Korn skallet Previous: Kommando-historie med ksh

Editering på kommando-linja

Ein kan aksessere historie lista, og ta ut tidlegare eksekverte kommando-linjer, ved å bruke editeringsmulighetane for kommando-linja. Editering på kommando-linja gjer at ein kan editere på kommando-linja etter kvart som ein skriv dei inn og/eller få tilbake og editere kommandoar som ligg i historie-lista.

Korn skallet hat to metodar for å editere kommando-linjer. Dei kan enten følge konvensjonane til VI eller emacs. Ein kan velje modus ved å sette miljø-variabelen VISUAL  og eksportere denne. Verdien av variabelen skal vere namnet på editoren som ein vil bruke.


$ VISUAL=vi
$ export VISUAL
$
For å velge emacs måtte det sjølvsagt ha stått emacs . Etter at ein har valgt ein editeringsmodus, kan ein bruke denne kommandoen til å editere kommando-linjer. Skallet behandlar denne historie lista som ei skrivbar fil. Når det gjeld editeringskommandoar vil eg berre vise til tidlegare dokumentasjon. Husk at for å kome til kommando-modus i VI må ein trykke ESC.

Trond.Kandal@itea.ntnu.no