Next: Prosessar
Up: Kva gjer UNIX ?
Previous: Skallet,- kommandotolkaren
Det er viktig å legge merke til at UNIX skiller på store
og små bokstaver. Kommandoene i UNIX blir som regel skrevne med
små bokstaver.
Figure 3.3:
Rundt skallet ligg alle kommandoane som utgjer UNIX
| [IMAGE ] |
I UNIX opererer vi med tre begrep når
det gjelder kommandoer: kommando ,opsjon og
argument
Her er et eksempel på ein UNIX-kommando:
$ls -al /home/zevs/ifi
- Kommando er namnet på programmet som skal kjøyrast,-
i dette tilfellet ls.
- Opsjon er et direktiv til programmet som sier korleis
programmet skal utførast,- i dette tilfellet er opsjonen
al og opsjoner vert alltid innleia med tegnet ¨-¨
(det finst dessverre unntak).
- Argument er data inn til programmet,- ofte det
namn på filar der programmet skal finne inndata.
I tillegg finst det muligheter for å legge kommandoar i fil
og gjere denne fila kjøyrbar,- det kallar ein for eit
skall-program( eng: shell-script).
Alle skall ( iallefall dei eg nemnde tidlegare) har kraftige
hjelpemiddel for å lage skall-program . Dei har såkalla
strukturerte kontroll-konstruksjonar som vi kjenner igjen
frå tradisjonelle programmeringsspråk, det kan lese inn
data og skrive ut data, og kan handtere opsjonar og argument
på kommandolinja
. Det som er mest
vanleg er å lage seg eit skall-program som utfører ein
eller anna samansett kommandosekvens og dermed dannar ein ny
kommando.
Skallet har innebygde miljøvariable ( eng:
environment ), som er standard, medan andre må vere
definert for å få bestemte program til å kjøyre,
til slutt har vi program som definerer sitt eige miljø.
Det minste ein må ha i miljøet er to variablar PATH
og TERM
.
- PATH definerer søkestien for hvor skallet skal leite
etter kommandoar eller program.
- TERM definere kva slags terminal(terminaltype) ein
brukar.
Skallet tek seg dessutan av omdirigering av inn- og utdata
og røyrlegging.
Next: Prosessar
Up: Kva gjer UNIX ?
Previous: Skallet,- kommandotolkaren
Trond.Kandal@itea.ntnu.no