Standard skallet, som vi har gått igjennom hittil, er kjent som Bourne skallet p.g.a utviklaren, Steve Bourne frå AT & T Bell Laboratories. Dette er eit lite, relativt effektivt skall, laga for vanleg bruk. Dette skallet vart introdusert i 1978. I ettertid har ein del ny funksjonar og forbetringar vorte lagt til, f.eks skall funksjonar, for å holde tritt med resten av UNIX-systemet. Likevel har det fleire ulemper for ekspert-brukarar. For det første har det ikkje "kommando historie",- dvs. at det går ikkje an å gjenta ei kommando-linja utan å taste den inn på nytt. Ein annan mulighet som standard skallet også manglar er aliaser ,- muligheten for å forenkle kommandoar som blir brukt veldig mykje. Måten ein kan løyse dette problemet på er å lage skall-program,- men dette er lite fleksibelt.
Desse omstendighetane motiverte til å utvikle to forbetra
skall. Korn og C skallet. Begge desse skalla kan
erstatte Bourne skallet for interaktiv bruk og for eksekvering
av skall-program. C skallet vart utvikla av Bill Joy som del av
BSD versjonen av UNIX, og Korn skallet vart utvikla av David
Korn frå AT & T Bell Laboratories som svar på C
skallet. C skallet er eldre enn Korn skallet, og på mange
måtar kan ein seie at Korn skallet har forbetra mange av C
skallet sine mulighetar og metodar. C skallet er også
relativt lite effektivt dersom ein samanliknar med Bourne og
Korn skallet. Likevel har C skallet mange tilhengarar,
særleg blant tilhengarar av BSD system.
Sjølv om Korn skallet er ein del større enn C
skallet, er det merkbart meir effektivt fordi det har innebygde
skall-funksjonar som kan utførast direkte istaden for å
kreve eit separat sub-skall.
Hverken C skallet eller Korn skallet klarar heilt å erstatte
Bourne skallet. Sidan Korn skallet skulle vere ein erstatning
for Bourne skallet, og skulle vere fullt kompatibelt med med
det, er det stadig ting som skurrar på den verste tida. C
skallet var aldri tenkt som ein erstatning for Bourne skallet og
er ganske forskjellig frå det.
Desse skalla inneheld ei rekke forbetringar i forhold til Bourne
skallet,- som fleire operatorar for skall-programmering,
innebygde aritmetriske operatorar som erstattar expr
kommandoen, og betre streng-handtering. Dei viktigaste
forandringane er likevel "editering på kommandoar",
"kommando historie" og "aliaser".