next up previous contents index
Next: Utskrift til skrivar Up: Prosesser Previous: Drepe ein prosess

Signal

Når ein drep ein prosess gje ein systemet beskjed om å sende eit signal til ein prosess. Signal vert brukt som kommunikasjon mellom prosessar og det finst mange forskjellige signal som kan sendast. I System V Release 4 finst 31 vanlege signal som kan sendast mellom prosessar. Dei fleste signal refererer til feil-situasjonar som kan oppstå innanfor systemt. Dette kan vere signal som gje beskjed om at program prøvar å aksessere minne utanfor sitt eige autoriserte minne-område, når ein tastar taste-kombinasjonen for å drepe ein prosess ( vanlegvis ctrl-c eller DEL ), når ein barne-prosess døyr ...osv. Då er arbeidet til prosessen å foreta ein aksjon som svar på signalet, enten å avslutte eller foreta aksjonar som gjer at denne situasjonen oppstår på nytt. Når ein brukar kill utan å spesifisere signal vil programmet sende SIGTERM   ( software termination signal )til prosessen eller prosessane. Dette fortel prosessen at den må avslutte,- prosessen treng ikkje å fange dette signalet og då må ein bruke sterkare lut. Dersom ikkje signalet avsluttar brukar ein eit ubetinga avslutt signal ( SIGKILL), dette vil verke umiddelbart.  

zevs% kill -TERM 324
zevs%
Ein kan også bruke tall-koden for signalet som argument til kill,- tal-koden finn ein i man-sidene for signal. Dersom ein brukar dei logiske namna skal ein ta vekk SIG-delen i namnet som ein finn i man-sidene om signal . Igjen vil eg berre minne om at ein ikkje unødig drep prosessar dersom det går an å avslutte prosessar på ein annan måte.
next up previous contents index
Next: Utskrift til skrivar Up: Prosesser Previous: Drepe ein prosess
Trond.Kandal@itea.ntnu.no