Next: Aktiviteten for andre brukarar
Up: Prosesser
Previous: Foreldre og barn
Ein kan kikke på kjøyrande prosessar med kommandoen
ps ( prosess status ). Denne kommandoen viser informasjon om
prosessar som er i live når ein eksekverer kommandoen.
Dersom ein kjøyrer kommandoen fleire gongar etter kvarrandre
vil den produsere forskjellig informasjon for kvar gong,-
ps tek berre eit bilete av aktiviteten akkurat når
ps vert kjøyrt.
Dersom ein kjøyrer denne kommandoen utan parametre vil
den vise eigne prosessar.
| |
|
|
|
|
| zevs% ps |
|
|
|
|
| PID |
TT |
STAT |
TIME |
COMMAND |
| 21559 |
p0 |
IW |
0:01 |
-csh (csh) |
| 21674 |
p0 |
IW |
0:00 |
xcalc |
| 21682 |
p0 |
S |
0:15 |
xeyes |
| 21699 |
p0 |
IW |
0:03 |
vi kurs.tex |
| 21712 |
p1 |
S |
0:00 |
-csh (csh) |
| 21949 |
p1 |
R |
0:00 |
ps |
| zevs% |
|
|
|
|
| |
|
|
|
|
I første kolonne der det står PID (Process
IDentificator) er denne unike prosess-identifikatoren. Neste
kolonne det det stå TT betyr kva for port/terminal
inngong prosessen tilhøyrer. STAT betyr status på
prosessen,- dersom vi ser på den første kommandoen
csh så har den status IW, dette betyr Idle og Swapped
out,- altså for øyeblikket ikkje aktiv og kasta ut av
minnet( Dette er eigentleg ikkje så viktig,- det har igrunn
også liten praktisk betydning for brukarane). TIME fortel
tidsforbruket for denne kommandoen både for brukar, CPU og
systemadministrasjon. COMMAND skulle vel vere
sjølvforklarande. Dessverre så er denne kommandoen
veldig forskjellig på BSD i forhold til System V når det
gjeld opsjonar. Ein få stort sett ut dei same
opplysningane, men opsjonane er heilt forskjellige for å
få lista ut dei same opplysningane. Det vil ta altfor lang
tid å forklare alle mulighetar derfor vil eg berre henvise
til man-sidene, det skulle gå an å få noko
fornuftig ut av dei. Så lenge vi skal berre stoppe våre
eigne prosessar er det nok å få tak i prosess-identiteten
og det vil ein klare berre ved å skrive ps.
Det er mykje meir informasjon rundt ein prosess enn det som kom
fram i denne listinga. Til dette har vi mellom anna
-f-opsjon under System V og -u-opsjon under BSD.
| |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| zevs% ps -u |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| USER |
PID |
%CPU |
%MEM |
SZ |
RSS |
TT |
STAT |
START |
TIME |
COMMAND |
|
| trondk |
12644 |
13.6 |
2.9 |
76 |
420 |
p2 |
S |
13:26 |
0:00 |
sh -c ps -u |
|
| trondk |
11668 |
0.0 |
0.0 |
88 |
|
p2 |
IW |
08:21 |
0:01 |
-csh (csh) |
|
| trondk |
12492 |
0.0 |
2.5 |
240 |
368 |
p2 |
S |
13:08 |
0:05 |
vi +/foreldre og barn ku |
|
| trondk |
12338 |
0.0 |
0.0 |
88 |
|
p4 |
IW |
12:37 |
0:00 |
-csh (csh) |
|
| trondk |
12657 |
0.0 |
2.8 |
176 |
400 |
p2 |
R |
13:26 |
0:00 |
ps -u |
|
| trondk |
12016 |
0.0 |
0.0 |
608 |
|
p2 |
IW |
11:10 |
0:03 |
xdvi kurs |
|
| zevs% |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Med fare for å bli veldig teknisk kan eg prøve å
forklare kva dette står for.
USER Namnet på eigar av prosessen.
PID Prosess identiteten.
%CPU Bruk av prosessortid.
%MEM Antal prosent av minne som vert brukt av prosessen.
SZ Størrelsen av data-segment og stakk-segment.
RSS Størrelse i minnet i antal Kb.
TT Terminal.
STAT Tilstand for prosessen.
START Tidspunkt for når prosessen vart starta.
COMMAND Kommando-linja for prosessen.
Denne kommandoen vart utført på ei maskin med BSD-UNIX,-
ein vil finne igjen dei same opplysningane dersom ein utfører
ein tilsvarande kommando på System V.
Next: Aktiviteten for andre brukarar
Up: Prosesser
Previous: Foreldre og barn
Trond.Kandal@itea.ntnu.no