Next: Logge ut medan bakgrunnsprosessar
Up: Prosesser
Previous: Kontrollere prosessar i tidsdeling
Kommandoen nice vil ein assosiere med kommandoar som
ein kjøyrer i bakgrunnen frå skallet. Dette betyr at
skallet er tilgjengeleg sjølv om ein kommando kjøyrer,
slik at ein kan kjøyre andre kommandoar på samstundes.
Skallet brukar operatoren & for å la ein eksekvere
kommandoar i bakgrunnen.
zevs% cat /etc/passwd &
I dette tilfellet legg vi kommandoen i bakgrunnen, likevel vil
utdataene bli skrevne ut på skjermen fordi vi ikkje har
redirigert standard ut.
Når ein brukar & for kjøyre ein kommando vil
skallet returnere med ein gong og vente på din neste
kommando. Skallet returnerer eit prosess-nummer eller
pid ( dette refererer til eit engelsk uttrykk som blir
mykje brukt i UNIX: Process ID ), dette kan brukast for
å referere til bakgrunnsprosessen.
zevs% cat /etc/passwd &
7843
zevs%
Vi skal gå igjennom meininga med prosess-nummer seinare i
kapitlet. Vanlegvis vil ein redirigere standard inn
og standard ut for kommandoar som kjoyrer i bakgrunnen, slik at ein ikkje
blir skjermbildet ikkje blir forstyrra av bakgrunnsprosessar.
zevs% cat /etc/passwd > passwd.kopi &
7834
zevs%
Ein vil i tillegg redirigere standard feil også, fordi den
vil også kome til terminalen sjølv om standard ut er
redirigert.
zevs% cat /etc/passwd > passwd.kopi 2>feil.ut &
6342
zevs%
UNIX let ein lage så mange bakgrunnsjobbar som ein berre
vil,- blir det for mange vil ein merke at det blir
dårelegare responstider. Når ein bakgrunnsprosess er
ferdig vil ikkje systemet fortelle at kommandoen er ferdig,-
dette må ein finne sjølv. Ein kan sjekke statusen på
bakgrunnsprosessar med kommandoen ps , denne skal vi kome
tilbake til i dette kapitlet.
Next: Logge ut medan bakgrunnsprosessar
Up: Prosesser
Previous: Kontrollere prosessar i tidsdeling
Trond.Kandal@itea.ntnu.no