next up previous contents index
Next: Tidsdeling i UNIX Up: Brukerkurs i UNIX Previous: Kommando-sekvensar

Prosesser

Aspektet med fleiroppgåver under UNIX er vanlegvis gruppert under emnet om prosessar  . Ein prosess  , eller ein jobb, er ein forekomst av eit program som eksekverer. Innloggingsskallet er ein prosess så lenge ein er innlogga. Dersom ein eksekverer ein kommando, så er denne kommandoen ein prosess medan den blir utført. Prosessar har mange attributtar, og det eksisterer mange kommandoar for å manipulere prosessar og attributtar. I dette kapitlet vil eg prøve å komme litt inn på korleis ein kan kontrollere prosessar og miljøet rundt prosessar til eigen fordel. Før vi går vidare kan vi ta nokre eksempel:

zevs% cat /etc/passwd
Denne kommandoen opprettar ein prosess, som eksisterer heilt cat-kommandoen er ferdig. Dersom ein opprettar ein røyrledning med operatoren |, vil kvar av komponentane i kommandoen lage separate prosessar. Kommando-linja

zevs% cat /etc/passwd | wc
vil opprette to prosessar, ein for kvar kommando. Desse to kommandoane kommuniserer med kvarrandre gjennom røyrledningen.

 

Trond.Kandal@itea.ntnu.no