next up previous contents index
Next: Kommandoen getopt(s) Up: Skall-programmering Previous: $#, $*, og posisjonsparametre

Feil og feilmeldingar i skall-program

Å utvikle skall-program som verkar etter hensikten krev ein del eksperimentering og testing. Skallet skriv ut enkelte feilmeldingar dersom det ikkje får til å eksekvere eit skall-program som ikkje er korrekt, men meldingane er ofte knappe.

zevs% for VAR in `ls`  do
>		 Halloen
syntax error:'Halloen' unexpected
zevs%
Feilen var at vi ikkje hadde semikolon eller linjeskift før do, det var kanskje ikkje såenkelt å skjønne ut frå den feilmelding som skallet skreiv ut. Det er defor mulig å sette på ein såkalla transparent modus ( i engelsk litteratur ofte nemnt som trace ), dette gjer ein ved å eksekvere skall-programmet med ein -x-opsjon. Dette får skallet til å skrive ut kvar kommando etter kvart som dei vert utført. Ein annan opsjon som også går an å bruke er verifiser ( engelsk: verbose ), då brukar ein -v.

zevs% sh -v skriv.parametre forste andre tredje
:
echo $#
3
for VAR in $*
do
		echo $VAR
done
forste
andre
tredje
exit 0
Andre varianten med -x.

zevs% sh -x skriv.parametre forste andre tredje
+ : 
+ echo 3 
3
+ echo forste 
forste
+ echo andre 
andre
+ echo tredje 
tredje
+ exit 0 
Begge opsjonane kan settast inne i skall-programmet f.eks først i fila med set -v  og set -x  . Opsjonane kan sjølvsagt også brukast saman,- altså både -x og -v.
next up previous contents index
Next: Kommandoen getopt(s) Up: Skall-programmering Previous: $#, $*, og posisjonsparametre
Trond.Kandal@itea.ntnu.no