Next: Argument på kommando-linja
Up: Skall-programmering
Previous: Kommandoen printf og utskrifter
Husk alltid på at skall-program blir utført i eit
sub-skall, og forandringar på miljøet vil ikkje ha
tilbake-verkande kraft på "foreldre-skallet".
zevs% sh .profile
zevs%
Dersom .profile vert kjøyrt på denne måten
vil ikkje det føre til permante endringar i miljøet. For
å kome rundt dette problemet har skallet ein operator som
tvingar det noverande skallet til å utføre
skall-programmet. Dette er operatoren . .
zevs% . .profile
zevs%
Alle skall-program er akseptale argument ( så lenge det er
skall-program laga for Bourne-skall ). Forandringar som er
gjort i miljøet ved denne operatoren vil forbli permanente i
miljøet, og bli arva dersom ein startar nye skall.
Trond.Kandal@itea.ntnu.no