next up previous contents index
Next: Kommandoen test Up: Skall-programmering Previous: Kommentarar i skall-program

Operatoren if

Den første kondisjonelle operatoren vi skal gå igjennom er if . Syntaksen på kommandoen er :

if uttrykk ; then kommandoar ; fi
Dette eksemplet opptrer på ei enkel kommando-linje, if kan også opptre over fleire linjer og er ikkje avslutta før tegna fi opptrer. Uttrykket kan vere alle logiske uttrykk eller kommandoar som returnerar ein verdi. Dersom uttrykket eller kommandoen returnerar null, vil kommandoane etter then bli utført.

zevs% if true ; then echo Halloen ; fi 
Halloen
zevs%
Denne kommandoen er på same linja, vanlegvis vil ein skrive dei på fleire linjer.

zevs% if true
>		 then
>				 echo Halloen
>		 fi
Halloen
zevs%
Ein kan bruke så mange kommandoar ein vil i then-delen av ein ein if-konstruksjon, også andre nøsta if-konstruksjonar. I tilfelle ein annan operasjon er nødvendig så er ein else-konstruksjon tilgjengeleg.

zevs% if false
>		 then
>				 echo Halloen
>		 else
>				 echo Hadiii
>		 fi
Hadiii
zevs%
Andre if-konstruksjonar kan kome etter else. Desse kan ein introduserer med ei kort form elif ( for else if ).

zevs% if false
>		 then
>				 echo Halloen
>		 elif true ; then
>				 echo Hadiii
>		 fi
Hadiii
zevs%
Husk alltidthen etter elif  elif. Heile konstruksjonen vert avslutta med fi.
next up previous contents index
Next: Kommandoen test Up: Skall-programmering Previous: Kommentarar i skall-program
Trond.Kandal@itea.ntnu.no