Kommandoen calendar er ei enkel kommando som kan liste
ut avtalar som er registrert på ei fil. Denne kommandoen er
veldig enkel dersom ein samanliknar med andre liknande
fasilitetar i UNIX. Kommandoen brukar ei avtale-fil som ligg
på heime-katalogen som heiter calendar ( denne fila
treng eigentleg å ligge på ståande katalog når
kommandoen blir eksekvert). Kommandoen leitar igjennom denne fila
og leitar etter linjer som inneheld enten datoen for idag eller
morgondagen og skriv desse til standard ut.
zevs% calendar
Apr 9 : Husk å handle før eg reiser heim ...
zevs%
Kommandoen kan handtere fleire dato-format, men ikkje det
europeiske med dd/mm. Det er kanskje ein idè å kjøyre
denne kommandoen kvar gong du loggar inn ?
Trond.Kandal@itea.ntnu.no