I starten gjekk tre institusjonar saman om å lage eit eit skikkeleg operativsystem. Dette var Massachusetts Institute of Technologi(MIT), General Electric og AT & T Bell Laboratories. Tanken var å bygge eit operativsystem som skulle kjøyre på ei sentral datamaskin og brukarane skulle logge seg inn ved hjelp av terminalar. Prosjektet starta opp i 1965 og vart kalla for MULTICS (MULTIplexed Information and Computing Service). I 1969 trekte AT & T og General Electrics seg ut av prosjektet,- då var allereie prosjektet blitt for stort og komplisert til at det skulle bli brukbart. MIT fullførte prosjektet som seinare også viste seg til å bli ein gedigen fiasko.
Det er litt usikkert om kva det var som var den avgjerande spiren for at UNIX vart laga,- det har gått rykter om at UNIX vart laga for å få eit dataspel til å gå på ein PDP-7,- andre er at det skulle lages ein erstatning for MULTICS. Iallefall så sette Ken Thompson seg ned ved ein nærast kassert PDP-7 og laga ein einbruker versjon av eit operativsystem som han kalla UNICS (UNIplexed Information and Computing Service). Seinare vart namnet forandra til UNIX (dette var vel nærast ein spøk og eit ordspel,- uttalen er jo den same !),- seinare vart også programmmeringsspråket C laga for å utvide UNIX og for å gjere UNIX flyttbar til andre maskinplattformer. Første versjonen av UNIX som var skreven i C var ferdig i 1973.
UNIX vart i starten utgitt til interesserte og utdanningsinstitusjonar med full kjeldekode. Dermed vart UNIX flytta til fleire forskjellige maskinarkitekturar og vart stadig utvikla og fekk nye funksjonar. Det er dette som gjer at UNIX har blitt såpass komplisert og har eit utall av kommandoar og funksjonar. Dei to retningsgjevande versjonane i verden idag er System V frå AT & T Bell Labs og Berkley BSD ( Berkley Software Distribution) som er utvikla på University of California, Berkley.
I den seinare tid har også maskinlevrandørar kome med sine eigne versjonar som er tilpassa eigen maskinarkitektur,- desse er gjerne eit konglomerat av System V og BSD UNIX. No har jo også System V og BSD UNIX blitt ganske like på grunn av samarbeidet mellom SUN og AT & T. System V release 4 er ei samanfletting av BSD UNIX og System V,- det vil seie at System V release 4 har teke opp i seg det meste som før begrensa seg til BSD UNIX.