$ /usr/bin/vivil skallet finne kommandoen ved å følge stien frå rota. Dersom ein berre skriv kommando-namnet må skallet vete kor det skal leite etter programmet. Miljø-variabelen PATH inneheld ei liste over katalogar der skallet skal søke for å finne kommandoar utan at ein må oppgje fullt stinamn. Ein typisk PATH-variabel :
zevs% echo $PATH /home/zevs/ifi/trondk/bin:/usr/lang:/usr/ucb:/bin:/usr/bin:/usr/5bin:/usr/tran/sparc/bin: /usr/bin/X11:/usr/local:/usr/local/bin:/usr/new:/usr/new/emacs:/usr/hosts:.:/usr/local/old: /usr/local/old/bin:/usr/local/frame/bin:/usr/local/blab/bin:/usr/local/blab/etc:/usr/etc: /usr/local/src/tex3.0/tex/bin:/usr/local/X11R5/gnu/bin:/usr/local/src/tex3.0/tex/bin zevs%Variabelen vil variere ein del, men syntaksen vil vere den same for alle UNIX-system. PATH er ein liste database, med enkeltståande innslag, skilde med tegnet : . Når ein gje inn ein kommando vil skallet søke gjennom katalogane lista i PATH, frå venstre mot høgre, heilt til det finn ein kommando med det spesifiserte namnet. Dersom skallet ikkje finn kommandoen skriv det ut ei feilmelding :
zevs% ddddddd hddddddd: Command not found. zevs%Ein kan ha fleire kommandoar med like namn på same maskin så lenge dei ligg i forskjellige katalogar. Sidan katalogane i PATH blir søkt i rekkefølge avgjer også PATH kva for kommando ein utfører. Det betyr altså at vanlege brukarar kan kontrollerer kva for kommandoar dei vil utføre ved å forandre PATH. Dei fleste eksekverbare program ligg på /bin, /usr/bin og /usr/local/bin. Ein kan utvide med andre katalogar dersom ein finn nyttige program eller for finne eigne personlege program.