Next: Meir om linje-adressering
Up: Søking i VI ved
Previous: Konkatenering av strengar i
Ein kan spesifisere linjer for substitusjonskommandoen, dette
gjer ein ved å oppgje linjene etter : og før
s for å få VI til å utføre denne same
aksjonen på kvar linje i området. Eksempel :
:3,8s/dette/desse
Denne kommandoen vil finne den første forekomsten av
dette i området f.o.m. linje 3 t.o.m. linje 8 og
erstatte dette med desse.
For å erstatte alle forekomstar i området må ein
legge til /g. Eksempel :
:3,8s/dette/desse/g
For å forandre alle forekomstar i bufferet eller fila brukar
ein kommandoane :
:1,$s/dette/desse/g
eller :
:%s/dette/desse/g
Her blir $ oppfatta som siste linje i fila. Merk forskjellen
på betydning av $ i VI, i linje-modus oppfattar
VI $ som enden på fila, i regulære uttrykk
betyr $ enden på linja. På samme måte med . ( dot
) indikerar alle tegn i regulære uttrykk, medan ståande
linje når tegnet blir brukt som linje-adresse.
Trond.Kandal@itea.ntnu.no