Next: Konkatenering av strengar i
Up: Søking i VI ved
Previous: Søking i VI ved
Operatoren :s ( substitute ) i linjemodus gjer at ein
kan finne og erstatte strengar. Måten ein gjer dette på
er følgande :
:s/kraftig/fleksibel
Først kommandoen :s, deretter skille-tegnet /
og strengen som skal finnast og slettast, nytt skilletegn
/ og strengen som skal erstatte den første.
Denne substitusjonskommandoen vil berre erstatte den første
forekomsten på ståande linje, sjølv om markøren er
posisjonert bakom første forekomsten. Det betyr altså at
substitusjonskommandoen verkar på linjer som helhet, uavhengig
av posisjonen for markøren på linja.
For å substituere alle forekomstane på ståande linje
, må ein legge til eit nytt skilletegn / og deretter
ein g ( global ).
:s/streng/nystreng/g
For å slette tekst kan ein angje søkestreng og utelate
erstatning. Eksempel :
:s/streng//
For legge til tekst enten på starten på linja eller
på slutten av linja brukar ein operatorane ^ og
$.
:s/^/ny tekst i starten
Og for å legge til tekst på slutten av linja :
:s/$/ny tekst på enden
Ein avsluttande / er eigentleg ikkje nødvendig utan at
ein skal ha med g.
Next: Konkatenering av strengar i
Up: Søking i VI ved
Previous: Søking i VI ved
Trond.Kandal@itea.ntnu.no