Next: Litt historikk
Up: Introduksjon
Previous: Filosofien bak UNIX
UNIX vil alltid vere kontroversiell, sjølv om
UNIX er meir eller mindre akseptert av dei fleste idag.
Samanliknar ein med andre populære operativsystem som
f.eks. MS-DOS/PC-DOS så er UNIX mykje større og
mykje meir kompleks, istaden tilbyr den mange mulighetar
som både MS-DOS/PC-DOS og OS/2 kan skyte ei kvit pil
etter.
Den originale filosofien om å gjere ein liten ting godt
har meir eller mindre vorte modifisert litt i dei seinare
utgåvene, og dagens kommandoar har fått eit stort
antal opsjonar. Dette faktumet har både fordelar og
ulemper, sjølv om kommandoar blir vanskelegare å
bruke, kan dei også bli tilpassa nye situasjonar utan
for mykje bøy og tøy og ineffektivitet.
I det store og det heile er det tidlegaste nøkkel-prinsippa
til stades ( som f.eks røyrlegging ), medan
mulighetane til kommandoane har vorte utvida for å
møte nye krav.
UNIX er i utgangspunktet orientert mot eit tegnbasert
grensesnitt. Spesiell programvare som f.eks X
Window system er påkrevd dersom ein vil ha UNIX
til å bruke bit-orienterte grafiske skjermar. Det
historiske avhengigheten og støtten for tekst-terminalar
betyr at dei fleste verktøy og funksjonar er
kommandolinje-baserte, og mus-og-meny verktøy som
brukar grafiske skjermar har såvidt vorte
salgsvare i volum. På den andre sida betyr det det at ein
brukar kan koble seg opp mot ei ekstern maskin med ein billeg
terminal, over f.eks telefon-linjer. UNIX er ideel for
server-applikasjonar der det primære bruker-grensesnittet
ikkje er assosiert med den sentrale UNIX-maskina, men eksekverer
direkte mot ein ¨intelligent¨ terminal. Dette er den
typiske moderne arkitekturen for moderne lokale nettverk, her er
det X windows kjem inn, ein applikasjon eksekverer
på ei maskin i nettverket ( vanlegvis ei kraftig og dyr
maskin ) medan bruker-grensesnittet blir besørga av billige
maskiner på den enkeltes arbeidsplass. Denne løysinga
reduserer kostnadane dramatisk for datamaskin-installasjonar i
nettverks-miljø.
UNIX er ikkje eit operativsystem som som prøvar å
følge trenden med å gjere seg sjølv usynleg for
brukarane. Mange operativsystem har prøvt å lage
grensesnitt som skal gjøyme detaljane for brukarane. Vindu-
og meny-orienterte grensesnitt hjelper til å tilsløre
kommandoar, filsystem og administrative verktøy for
brukarane. I UNIX er det motsette tilfelle, til større
kjennskap ein har til dei interne mekanismene til større
sjanse har ein til å kontrollere dei til eigen fordel og
auke sin eigen produktivitet. Dette faktumet kjem av at UNIX i
utgangspunktet var eit system for ekspertar, der alle var klar
over systemet sin interne oppbygging og funksjonar. No når
UNIX har vorte tilpassa eit større marked, har verktøy som
bruker-skall vorte laga for å isolere brukarane frå dei
vanskelege og komplekse sidene ved operativsystemet. Likevel,
sjølv om ein no kan bruke systemt utan at ein har ein grundig
forståelse, kan ein endå ha stor fordel av
å vete kva UNIX gjer når ein brukar ein kommando.
Next: Litt historikk
Up: Introduksjon
Previous: Filosofien bak UNIX
Trond.Kandal@itea.ntnu.no