Til historie/ættegransking
Til språksider

Litt om internett, slekt og personvern

Dette skrivet har kome til som mine innspel i ordskifte om kva for slektsopplysningar ein kan leggje ut på veven (WWW), eller i andre allment tilgjengelege elektroniske medium. Det var eitt ordskifte på no.slekt i mai 1997, eitt i DISforum (for medlemer i DIS-Norge) i juni 1998, og eit nytt i november 1999. Det var ikkje første -- og ikkje siste gong.

Dersom du har spørsmål, synspunkt, kommentarar, eller kort og godt betre kjennskap til saka enn meg, send ein e-post til Ivar.S.Ertesvag@ntnu.no.

Spørsmål som vert reiste, er mellom anna:

Spørsmålet kan stillast på fleire nivå, t.d.: Det er svært stor skilnad på å ha rett og å gjere rett.

1b er eit juridisk spørsmål, og 1a er rettssystemet i praksis (langt frå alle lovbrot vet påtala). Du kan sikkert leggje ut det meste utan å verte saksøkt/straffa. Då må du halde deg unna verna åndsverk med økonomisk verdi, og grove injuriar eller krenkingar av nolevande eller nyleg avdøde personar. Historiske personar ser ut til å vere fritt vilt, særleg dersom det kan kallast "forsking".

Så langt eg har skjøna -- eg er ikkje jurist -- gjeld Personregisterlova ikkje for register som privatpersonar lagar.

Kva med folkeskikk og klokskap? "God folkeskikk" er ikkje alltid god nok eller klok nok. Det kan hende du kan gjere ting - særleg i eit nytt medium som Internettet - som folk vil godta no og kanskje tilgje seinare - men som etter ei tid viste seg å vere uklokt. Når noko er lagt ut elektronisk, kan spora vere vanskelege å hente innatt etter ei tid.

Juridisk sett er det nok dei same reglane som gjeld for papirutgåver og for vev-utgåver. Men det kan vere at den elektroniske utgåva kjem i ei anna stode enn papirutgåva - vert eit anna objekt, heiter det vel. Skilnaden ligg i tilgjenget: 1) Prøv å finne opplysningar om ein person på biblioteket 2) prøv deretter på nettet. Sjølv om slektsbøker og bygdebøker har namneregister (og slett ikkje alle har det), er det mange bøker, og kven veit kven sitt tipp-tippoldebarn han eller ho fekk barn med. Difor meiner eg det er stor skilnad på nett-utgåver og papirutgåver, svært stor skilnad. Eg veit ikkje om denne skilnaden er prøvd eller vurdert juridisk - men vi var inne på folkeskikk og klokskap også.

Kva slag opplysningar?

At personnummeret er så mykje meir verneverdig enn andre opplysningar er (nesten) berre tull. Datamaskiner skil ikkje mellom tal og bokstavar når dei leiter; namnet er godt brukande til å leite etter opplysningar. Fødselsår/dato hjelper til med å skilje personar med same namn.

Det vert argumentert med at det er "opne" opplysningar som kjem fram i slektsbøker. Det er for det første eit dårleg argument, og for det andre er det i mange tilfelle feil.

Det er rett at vi finn namn, fødselsdato og adresse i eigedomsregister og manntal. Les du gjennom 60-70 årgangar av lokalavisa kan du også finne mykje. Men det nye er at du har systematisert desse opplysningane på ein ny måte. Dessutan finn du berre personar over 18 år i dei opne offentlege listene/registera.

Opplysningar finn vi i bygdebøker og i andre slektsbøker - er ikkje dei fritt tilgjengelege? Tja - ein del bygdebøker kan faktisk vere lovstridige. Dei har gjerne ein utgjevar som kjem inn under lov om personregistrering, til dømes kommunen.
Nokre bygdebøkene inneheld opplysningar som må vere henta frå offentlege register som eigentleg skulle vere sperra - t.d. folkeregisteret, skuleregister, fødselsregister, kyrkjebøker, ... Det er raskt og enkelt, og alle vil vel hjelpe til?
Dei fleste bygdebøkene inneheld opplysningar innsamla i bygda på skjema til dette føremålet. Eg tvilar på at alle einskildpersonar har gjeve samtykke - men dei fleste vil godta det, og gjerne støtte tiltaket. Slektsbøker vert også ofte til på denne måten. Gamlemor fyller ut skjemaet med data for born, svigerborn og alle gullungane.
Det vert ikkje noko verre om du skriv av desse opplysningane og trykkjer dei i ei ny bok. Men det spørs om ikkje det vert ei anna sak om du legg dei ut på veven.

Kvifor vere varsam?

Det vert mange elektroniske spor etter oss med tida. Det er ikkje noko argument for å lage fleire. I dette tilfellet kan det vere grunn til å vere litt pessimistisk - eller iallfall vise atterhald. Vi veit aldri kva nokon vil bruke dei til ein eller annan gong - kven sine spor dei vil leite etter, eller kvifor dei vil leite. Eg kjenner folk som likar dårleg at dei har funne seg att på AltaVista (søkjeverkty på veven) fordi dei stod på instituttet si telefonliste. Folk som veit meir om Internettet enn meg, har sagt at vi ikkje har fantasi nok til å forestille oss kva nettet alt i dag vert nytta til i vond meining. Eg trur det vil vere klokt vere varsam med å leggje ut personopplysningar på Internettet. Er du i tvil, så lat vere!

Samtykke?

Samtykke føreset at du veit kva du samtykkjer i. Kven veit kva det inneber - for notid og framtid - at vi legg ut personopplysningar på Internettet?

Kvar går grensa i tid?

Eg er ikkje redd for avdøde personar. Dei kan ikkje plagast likevel. Dei som har vondt i sinne vil helst sikte seg inn mot nolevande personar.

Generasjonane før oss har eg ikkje motførestillingar mot å leggje ut. Naturlegvis må ein tenkje på dei avdøde sitt omdøme og ikkje krenkje minnet, men det gjeld også det som vert gjeve ut på papir og det vert ein annan diskusjon.

Ættledd der dei fleste lever - og vi kan vone at dei held fram med det lenge enno - ville eg ikkje ha lagt ut på veven.

Dei vi må rekne med går bort om ikkje så mange år kjem i ei mellomstilling. Vi kunne diskutere om grensa skulle vere 70 år eller 80 år attende, eller kanskje 90. Først og fremst ville eg vere varsam.

Som sagt: Å ha rett er ikkje det same som å gjere rett.

Eit av ordskifta tok utgangspunkt i nyare lister over dåpsborn, konfirmantar, brudepar og gravlagde og publisering av desse i kyrkjelydsblad og på internett. Dette synest eg er mindre problematisk enn systematiske slektsregister - særleg dersom ikkje foreldra er med i listene (det er dei ikkje i dei kyrkjelydsblada/avisene eg kjenner til). På den andre sida har slike lister ikkje så veldig stor verdi i ættegranskinga heller, av den same grunnen. Om ei 60-80 år vert kyrkjebøkene frigjevne, og då kan ein sjå kven som er foreldra.


Tillegg (november 2003): Teksten ovanfor var skriven i 1999/2000. Seinare har det kome ein orskurd frå EU-domstolen, som også gjeld for Noreg, som gjer at private vevsider med opplysningar om andre menneske vert underlagt Personregisterlova.

Datatilsynet har skrive om dette her skrive om dette her  og meir her.  Lovteksten finn du på lovdata:  LOV 2000-04-14 nr 31: Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven).  I § 3 heiter det at "Loven gjelder ikke behandling av personopplysninger som den enkelte foretar for rent personlige eller andre private formål". Det EU-dommen eigentleg inneber er at det å leggje ut opplysningar om andre på veven ikkje er "rent private formål". Då gjeld reglane om  samtykke, meldeplikt, internkontroll, osv. også for slektssider på nettet. Dersom lova vert bokstavleg tolka, vil ho også gjelde for personopplysningar om avdøde. (Atterhald: Eg er ikkje jurist. Det kan tenkjast at "person" i juridisk forstand må vere nolevande. Kontakt meg om du veit.)


Ivar S. Ertesvåg HEIMESIDE
Lagt ut 22. november 1999, sist endra 28.november 2003