Eg har alle mine forfedre i 7 ættledd frå Søre Sunnmøre (og 3
frå Nordfjord i 8.), så granskinga er naturleg nok avgrensa til
dette området. Søre Sunnmøre er kommunene Vanylven (m. Syvde og Rovde),
Volda (m. Dalsfjord), Ørsta (m. Vartdal og Hjørundfjord), Sande,
Herøy (m. Leikanger), Ulstein og Hareid.
Har du spørsmål, kan eg kanskje hjelpe deg.
Eg har særleg arbeidd med aner frå Dalsfjord (Volda) og Ørsta
(sokn) fordi bygdebøkene her er (for Ørsta: var) svært
mangelfulle når det gjeld slektsopplysningar.
Anerekkjer i fem ledd for besteforeldra mine ligg her:
Farfar Sverre Ertesvåg, f. 1905, (pdf-fil,
104 kB)
Farmor Valborg Ertesvåg, f.1903 (f. Garshol)
(pdf-fil, 90 kB)
Begge var fødde og budde i Ulstein.
Morfar Ivar Åmbø, f.1906 (pdf-fil, 104 kB)
Mormor Ingeborg Åmbø, f.1904 (f. Melle) (pdf-fil, 90 kB)
Begge var fødde og budde i Ørsta.
Dei viktigaste opplysningane om anene og ein del av borna her byggjer på opplysningar
frå førstehandskjelder (kyrkjebøker, tinglysingar, m.m.) - så
langt det er mogeleg.
For å lese pdf-filer må du ha
Acrobat Reader (gratisprogram)
installert)
I tillegg har eg ei enkel aneliste for 10 ættledd før meg,
men mange opplysningar der er ikkje verifiserte.
Eg har samla dokumentasjon (dvs frå primærkjelder) om slektstilhøve for nokre hundre personar (slektningar) på 17- og 1800-talet, særleg frå Volda, Ørsta og Herøy. I tillegg har eg einskildopplysningar om ein del fleire (nokre tusen) andre personar som eg kanskje/truleg er i slekt med. Desse opplysningane har eg ikkje sendt inn til nokon database. Har du lyst, skal du få lov til å formattere opplysningane.
Lista nedanfor skal etter kvart verte eit oversyn over ulike kjelder og innhaldet i dei:
Bygdebøker frå Søre Sunnmøre -- eit
oversyn
Rettingar og kommentarar til bygdebøkene
Lokalhistorisk bokhylle
Gardar på Søre Sunnmøre (ordna etter sokn/bygdebok)
Grenser for prestegjeld, sokn og kommuner
frå 1600 til i dag
Kyrkjebøker (om kva slag opplysningar dei inneheld)
Utdrag frå kyrkjeboka for Ulstein 1777-1804,
årleg innsendt av soknepresten til Sjøinnrulleringa i Bergen
Kyrkjeboka, Volda 1741-1760 (avskrift)
Skatteliste ("Pengeskatten"), Sunnmøre 1603 (avskrift)
Lensrekneskapen 1606/07, Sunnmøre Leidang, tiende, landskyld, bygsel, toll, sakefall. (avskrift)
Sist endra 30. april 2009
Ivar S. Ertesvåg
HEIMESIDE