Oppatt, til historie/ættegransking

Grenser for sokn, prestegjeld, skipreider og kommuner; no og tidlegare.

-- eit oversyn, ved Ivar S. Ertesvåg
Her kan det vere feil og manglar - send ein e-post om du oppdagar noko.

Søre Sunnmøre er i dag kommunene Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta.
Tidlegare hadde vi også kommunene Syvde, Rovde, Vartdal, Hjørundfjord og Dalsfjord.

Vanylven prestegjeld/kommune er sokna Vanylven, Syvde og Rovde.
Sande er prestegjeld/kommune med sokna Sande, Gursken og Åram, og Skredestranda/Dalebygda kapellsokn.
Herøy prestegjeld/kommune er Herøy sokn (med Herøy kyrkje ved Fosnavåg) og Indre Herøy kapellsokn (kapell i Stokksund) og Leikanger sokn.
Ulstein og Hareid (kommuner) er sokn i Ulstein prestegjeld.
Volda prestegjeld/kommune er Volda sokn, Dalsfjord sokn (kyrkje i Dalsbygda) og Austefjord og Kilsfjord kapellsokn (kapell på Fyrde).
Ørsta prestegjeld i Ørsta kommune er Ørsta sokn og Vartdal sokn.
Hjørundfjord prestegjeld i Ørsta kommune er sokna Hjørundfjord (kyrkje ved Sæbø) og Storfjord (kyrkje på Bjørke).
Til saman er dette Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme.


Ein kommune kan ha fleire sokn, men ei kommunegrense er alltid ei soknegrense.
Eit prestegjeld kan femne om ein del av ein kommune, eller ein eller fleire heile kommuner. Dette kjem av at inndelinga i kommuner (først formannskapsdistrikt, 1837) følgde prestegjeldsgrenser eller soknegrenser. Det har også samanheng med den statskyrkjelege organiseringa.

Slik var det ikkje før, eit sokn kunne vere delt mellom to skipreider.
Skipreide var opphaveleg eit område som skulle halde eitt skip i leidangen. Seinare vart det eit ting-område og lensmannsdistrikt. Skatten vart kravd opp på tinget, og saker vart avgjorde der. Difor er slike dokument ordna etter skipreider.
For skipreidene kjenner vi ikkje nøyaktige grenser før på 1600-talet. Det eldste av lensrekneskapa, med skattelister, er frå 1603. Desse grensene er lite eller inkje endra før den verdslege administrative inndelinga vart endra i 1822. Då vart skipreidene nedlagde og erstatta av tinglag. Grensene for tinglaga følgde prestegjelda.

Også i skattelistene og bøtelistene ("brevbrot") frå 1520-22 er gardane - dei få som er nemnde - lista opp etter skipreider, til dels med heilt andre grenser enn på 1600-talet og seinare.
Frå mellomalderen er det berre lauselege kjelder som fortel om namn på ein del av skipreidene.

Den kyrkjelege inndelinga kjenner vi frå "Trondhjems reformats" frå 1589. Her er sokna og prestegjelda lista opp, kor mange prestar det skulle vere og korleis dei skulle fordele gudstenestene. Det stend også kor mange bønder som høyrde til kvar kyrkje (sokn). Kyrkjer og sokn, og gardar i det eller det sokn, er nemnde i spreidde kjelder frå mellomalderen. Grensene veit vi først frå jordeboka frå matrikuleringa etter 1665 (dvs 1667) - denne matrikkelen er inndelt etter sokn. Grensene vart ikkje endra (med unnatak av gardane Sædalen og Hammarstøylen, som likevel låg øyde) før på 1870-talet. Som kjelder har eg brukt Prestemanntalet 1664, tenarmanntalet i 1711 (futerekneskapen); Hans Strøm: "Physisk og oekonomisk Beskrivelse af Fogderiet Søndmør", 1762/67; Folketeljinga 1801 og matriklane frå 1838 og 1886, som alle listar gardane etter sokn.
Elles stend det opplysningar i bygdebøkene. På grunn av folkeauken vart det i andre helvta av 1800-talet gjort ein del større endringar.

Dei kyrkjene (iallfall kyrkjestadane) som er nemnde i 1589, vart heilt sikkert bygde før svartedauden. Om det var fleire kyrkjer og sokn i høgmellomalderen veit vi ikkje. Spreidde opplysningar fortel om einskild-kyrkjer i mellomalderen som ikkje finst seinare, men eg kjenner ikkje til slike på Søre Sunnmøre. Det er uklart om føresegnene i Reformatsen er ei nyordning, eller om det er meint som gjenoppretting, regulering eller stadfesting av det som var eller skulle ha vore tidlegare. Det er såleis vanskeleg å seie om dette var ei nyordning frå 1589. Hans Strøm (1767) skriv at Ulstein/Hareid, Vanylven/Syvde og Hjørundfjord vart residerande kapellani i 1586. Det kan vere at han visste meir om dette, men det var trass alt 200 etter hendingane.


Etter Reformatsen 1589 var det fire prestegjeld på Sunnmøre:
Herøy, med annekssokna Rovde, Sande, Ulstein og Hareid. Her var det ein visepastor for Herøy, ein residerande kapellan for Ulstein og Hareid, og ein for Sande og Rovde. (Herøy var kannikegjeld, dvs at ein kannik i Nidaros var sokneprest og hadde inntektene frå og ansvar for gjeldet - til dagleg hadde han ein "visepastor" til å røkte gjeldet). På 1700-talet var det berre ein prest for Herøy med Sande og Rovde.
Volda, med annekssokna Hjørundfjord, Ørsta, Vanylven og Syvde. Her var det ein sokneprest for Volda og Ørsta, ein residerande kapellan for Hjørundfjord, og ein for Vanylven og Syvde.
Borgund, med annekssokna Haram, Vigra, Skodje og Vatne. Her var det ein sokneprest for Borgund, ein residerande kapellan for Haram og Vigra, og ein personellkapellan for Skodje og Vatne.
Ørskog, med annekssokna Stordal, Sykkylven, Stranda, Dale (Norddal), Sunnylven, og kapella Geiranger og Døving (Valldal). Her var det ein sokneprest for Ørskog og Stordal, ein prest for Sykkylven og Stranda, og ein residerande kapellan for Dale, Sunnylven, Geiranger og Døving.


ENDRINGAR I SOKN OG PRESTEGJELD ETTER 1589; TINGLAG/KOMMUNER ETTER 1822

Merk: Tinglag (lensmannsdistrikt m.m.) vart oppretta i 1822 og fylgde prestegjelda - i motsetnad til skipreidene fram til 1822. Formannskapsdistrikt (herad, kommune) vart oppretta i 1837 med same grenser som tinglag og prestegjeld. Etter kvart vart ein del sokn eigne kommuner (soknekommuner).

For dei som driv ættegransking er det bygdebøker og kyrkjebøker som har størst interesse. Dei eldste kyrkjebøkene er frå 1700-talet. Her vil eg freiste å gje eit oversyn over endringar i sokneskipnad og soknegrenser over tid:

Vanylven vart eige prestegjeld i 1610 med Vanylven sokn (kyrkje på Åram, flytta til Slagnes 1861) og Syvde sokn. Begge sokna er frå mellomalderen. Etter Reformatsen 1589 var det residerande kapellani under Volda prestegjeld. Rovde sokn lagt til i 1964, etter at ein del først vart skild frå.
Vanylven tinglag/herad frå 1822/38. Syvde eiga kommune 1918-1963. Rovde kommune (dvs det som var att) vart lagt til i 1964.
Vanylven skipreide (frå før 1603 til 1822) var Vanylven sokn og delar av Sande sokn.
Åram sokn/krins (Brandalsstranda, Hakallestranda) vart overført frå Sande til Vanylven kommune 1.1.2002.

Syvde, sjå Vanylven.
Heile Syvde sokn var ein del av Rovde skipreide (før1603-1822).

Rovde, sjå Vanylven, Sande, Herøy, Leikanger.
Rovde var sokn i Herøy prg. i 1589, i Sande prg. frå 1866, i Vanylven prg.frå 1964.
Leikanger sokn vart oppretta 1872 og lagt til Herøy prestegjeld. Dette var Leikongbygda - gardane aust på Gurskøya - og to gardar i Eiksundbygda (Aursnes og Selvåg) i 1872. Resten av Eiksundbygda overført i 1889. Sjå Leikanger, Herøy.
Skredestranda (Laupen, Indre og Ytre Skrede, Tødenes, Oksavik, Torset, Liset, Slettestøl, Årvik) og Dalebygda (Indre og Ytre Saude, Dalen, Kvalen, Larsnes; i dag vert bygda mest kalla Larsnes) - dvs gardane sør på Gurskøya, vart overførte til Gursken sokn(?) i Sande prestegjeld/kommune i 1964.
Resten av Rovde sokn/kommune - gardane på fastlandet (Rovdestranda) - vart sokn i Vanylven prestegjeld/kommune.
Rovde var eiga kommune 1905-1963, skilt frå Sande 1905, og delt mellom Vanylven og Sande i 1964.
Rovde skipreide (før 1603-1822) var Rovde sokn og Syvde sokn.

Sande vart eige prestegjeld 1.7.1866 (kommune 1867) med Sande sokn og Rovde sokn. Tidlegare var begge annekssokn under Herøy prestegjeld. Begge sokna er frå mellomalderen. Rovde eiga kommune frå 1905, gjekk inn i Vanylven i 1964 (eller rettare: delt mellom Sande og Vanylven); Rovde sokn inn i Vanylven prestegjeld i 1964.
Gursken vart eige sokn i Sande prestegjeld i 1923 (ny kyrkje i Vik).
Åram sokn vart oppretta i 1924 (Brandalsstranda, Hakallestranda; ny kyrkje på Åram). Krinsen/soknet vart overført frå Sande til Vanylven kommune 1.1.2002.
Skredestranda (Laupen, Indre og Ytre Skrede, Tødenes, Oksavik, Torset, Liset, Slettestøl, Årvik) og Dalebygda (Indre og Ytre Saude, Dalen, Kvalen, Larsnes) - dvs gardane sør på Gurskøya, vart skilde frå Rovde og lagt til Gursken sokn i Sande i 1964. Kapellsokn med kapell på Larsnes i 1989.
Sande sokn høyrde delvis til Nærøy skipreide (vestsida av Gurskøya, gnr.1-24 og 88-90) og og delvis til Vanylven skipreide.
Sædalen er rekna til Sande i 1667, men seinare til Herøy (øyde).
Gurskedalen, med gardane Brekke, Seljeset og Skoge, og Rosskar, vart med i (nyoppretta) Leikanger sokn, Herøy prg. i 1872; Brekke, Seljeset og Skoge attende til Sande/Gursken i 1964.

Herøy var sokn frå mellomalderen, kanskje frå 1000-talet og eit av dei eldste på Sunnmøre. Kyrkja var på Herøy til 1922. Det var hovudsokn i eit av dei fire prestegjelda på Sunnmøre etter Reformatsen 1589. Kannikegjeld til 1669, vise-pastorat under Trondhjems dom-kapitel til 1747.
Sande prestegjeld/kommune med Sande sokn og Rovde sokn vart skilt frå Herøy i 1866/67.
I 1916 vart det bygt kyrkje i Indre Herøy (Stokksund), som vart kapellsokn. I 1917 vart hovudkyrkja flytta til Berge (ved Fosnavåg, Ytre Herøy).
Sædalen (busett til ca. 1680) er rekna til Sande i 1667, men til Herøy seinare (øyde).
Leikanger (Leikongbygda med gardane Nykreim, Leikongbakken, Leikongsæter, Leikanger, Leikangerøyr, Leikangerstrand, Raudvik, Kleppe, Måløy, Jøsokbakken, Jøsok og Vålnes), saman med Aurvåg og Selvåg i Eiksundbygda vart skilde frå Rovde og oppretta som eige sokn i Herøy prestegjeld i 1872 (ny kyrkje på Leikong/Leikanger), saman med Brekke, Seljeset, Skoge og Rosskar frå Sande sokn. Resten av Eiksundbygda, med gardane Havåg, Eiksund, Øygard (Øydegard, Eiksundøygard), Sunde og Eika, vart overført frå Rovde sokn 1.1.1889.
Heile Eiksundbygda vart overført til Ulstein sokn/kommune i 1964.
Brekke, Seljeset og Skoge attende til Sande 1964.
Herøy sokn høyrde delvis til Nærøy skipreide og delvis til Rovde skipreide.
Nærøy skipreide (før 1603-1822) var heile Herøy sokn og delar av Sande sokn.

Ulstein og Hareid vart eige prestegjeld i 1747; det vart kalla Ulstein prestegjeld fordi presten budde der (Dimnasund), men også Hareid prestegjeld fordi Hareid var det største og rikaste soknet. Både Ulstein (kyrkje på Ulstein, frå 1878 i Vik/Ulsteinvik) og Hareid (kyrkje på Hareid)
var sokn i mellomalderen. Etter Reformatsen 1589 var dei residerande kapellani under Herøy gjeld.
Ulstein tinglag/herad med begge sokna frå 1822/1837. Vartdalsstranda herad utskilt 1895.
Hareid herad utskilt i 1917.
Ulstein skipreide (før 1603-1822) var Ulstein sokn og Hareid sokn utan Vartdal.   Hareid sokn var delt mellom Ulstein og Ørsta skipreider.
Eiksundbygda, med gardane Aursnes, Selvåg, Havåg, Eiksund, Øygard (Øydegard, Eiksundøygard), Sunde og Eika, vart overført frå Leikanger sokn i Herøy prestegjeld/kommune i 1964. (Sjå Leikanger).
Garden Bentholmen  overført til Herøy i 1822. Garden Bentholmen/Kvitøya (matrikulert 1667, no gnr. 52 Herøy) høyrde til Ulstein skipreide, men Herøy sokn i 1816. Det finst vitnemål (frå 1822) om at han høyrde til Ulstein sokn tidlegare, men dette er noko uklart (ikkje i Ulstein sokn 1711).
Hammarstøylen (busett på nesten heile 1600-talet, men ikkje seinare) vart i 1667 rekna til Ulstein sokn, men er seinare rekna til Hareid.

Hareid sjå meir under Ulstein
Vartdal vart eige sokn i 1877 (sjå Vartdal).
Gardane sør på Sula (Nøringset, Sulebust, Sulebakk, Røysa, Øydegard, Sulesund og Kyrkjebø) vart overførte til Borgund i 1959.
Grensa på Hareidlandet har ikkje vore endra utanom Hammarstøylen (sjå Ulstein).

Vartdal eller Vartdalsstranda (sjå under Ulstein)
gardane frå Festøy til Flåskjer (m Bjørndal og Flåvik). Eige sokn som vart skilt ut frå Hareid sokn i 1877 (ny kyrkje på Vartdal) og overført frå Ulstein prestegjeld til det nyoppretta Ørsta Prestegjeld i 1900.
Vartdalsstranda herad skilt frå Ulstein 1895. Frå 1964 ein del av Ørsta kommune.
Vartdalsstranda høyrde til Ørsta skipreide (før1603-1822).

Ørsta var sokn i mellomalderen (kyrkje i Vik/Ørstavik), etter Reformatsen 1589 annekssokn under Volda. Kallskapellani i Volda prg. 1877. Eige prestegjeld frå 1.10.1900, med Vartdalsstranda (Vartdal) som annekssokn.
Ørsta var del av Volda tinglag/herad frå 1822/1837. Eiga kommune 1.8.1883. Storkommune etter samanslåing med Vartdal og Hjørundfjord i 1964.
Ørsta skipreide (før 1693-1822) var Ørsta sokn saman med Vartdal.
Garden Ytrestøyl overført til Volda i 1893, elles ingen endringar.

Volda var sokn i mellomalderen (kyrkje i Halkjelsvik eller Øyra), hovudsokn i eit av dei fire prestegjelda på Sunnmøre etter Reformatsen 1589.
Austefjord vart kapellsokn i 1879 (nytt kapell på Fyrde), sokn i 1998. (I 1980 var Austefjord kapellsokn gardane frå Årset til Vikestranda.)
Kilsfjord vart kapellsokn i 1974 (nytt kapell), sokn i 1998.
Dalsfjord, med gardane frå Rossetvik til Velsvik, skilt ut som eige sokn i Volda prestegjeld i 1910, ny kyrkje på Dravlaus (Dalsbygda).
Dalsfjord var eiga kommune 1924-1963, før og etter til Volda.
Garden Ytrestøyl overført frå Ørsta i 1893, elles ingen endringar.
Volda skipreide (før 1603-1822) hadde same grensene som Volda sokn.

Dalsfjord sjå Volda.

Hjørundfjord var residerande kapellani under Volda prg. etter Reformatsen 1589, vart eige prestegjeld i 1751. Delt i Hjørundfjord sokn (kyrkje på Sæbø) og Storfjorden sokn (ny kyrkje på Bjørke 1922) i 1929. Kyrkja var på Sæbø frå 1580-åra, ei eldre kyrkje på Hustad (like attmed) vart øydelagd av elvebrot i 1581.
Tinglag/herad frå 1822/1837 til 1963. Frå 1964 ein del av Ørsta kommune.
Hjørundfjord skipreide (før 1603-1822) var heile Hjørundfjor sokn, og i tillegg gardane i Hundeidvika (Kurset, Kursetgjerdet, Hovden, Myrset, Utgard, Midgard, Hundeid, Gjævenes) i Sykkylven sokn.
Ingen endringar i sokne-grensene før delinga i 1929.

til byrjinga av lista


Laga oktober 1997, sist endra 23. desember 2014
Ivar S. Ertesvåg HEIMESIDE