Oppatt, til historie/ættegransking

Bygdebøker for Søre Sunnmøre

-- eit oversyn, ved Ivar S. Ertesvåg

Nokre regionale bøker har eg teke med til slutt i lista.

Her finn du rettingar og kommentarar til bygdebøkene, og du kan sende inn bidrag sjølv.

Søre Sunnmøre er i dag kommunene Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta. Før 1964 hadde vi også desse kommunene: Syvde (Vanylven), Rovde (frå Sande; no delt mellom Vanylven og Sande), Dalsfjord (Volda), Vartdal (frå Ulstein/Hareid; no i Ørsta), Hjørundfjord (no i Ørsta). Her er liste over gardane.
Nedst er det ei liste over bokhandlarar i distriktet.
Bygdebøkene er hovudsakleg delte inn etter kommunene i 1963 (dvs før grenseregulering/samanslåing i 1964).

Frå 1822 skulle lensmannsdistriktet heite tinglag og falle saman med prestegjeldet. Før 1822 var lensmannsdistriktet kalla skipreide og hadde i mange høve andre grenser enn sokn og prestegjeld. Alle rettslege saker, t.d. skifte etter avdøde, høyrer til lensmannsdistriktet.
 

Vanylven
sokn og kommune; bygdebøkene gjeld soknet eller "gamle" Vanylven kommune
Vanylven skipreide (saman med ein del av Sande sokn).

Haakon M. Fiskaa: "Bygdebok for Vanylven - Gard og ætt", 1 bd, Vanylven sogelag, 1957
--- denne boka ineheld mange opplysningar om gardane, og om brukarane og ektemakane deira. Men opplysningar om born og kvar dei vart av manglar heilt.
Haakon M. Fiskaa: "Bygdebok for Vanylven - Ålmenn bygdesoge", 1 bd, Vanylven sogelag, 1965
R. Emil Sæter: "Bygdebok for Vanylven - ættesoge for Vanylven", 2 bd, Vanylven sogelag, 1980-1981.
--- desse to binda utfyller Håkon M. Fiskaa si bok og har med borna. Dessutan vert brukarrekkjene og ein del andre opplysningar oppdaterte. Data frå før ca. 1850 byggjer (ifl. førordet) på notata etter Fiskaa.

Syvde
sokn i Vanylven prestegjeld; kommune til 1964, no i Vanylven kommune
Syvde høyrde til Rovde skipreide.

Haakon M. Fiskaa: "Bygdebok for Syvde sokn - Gards og ættesoge", Syvde sogelag, 1974; 2.utg. 1983.
Simon Eikrem: "Meir om Syvde", Ålesund 1975.
 

Rovde
Sjå under Sande og Rovde;

Sande og Rovde
Sande sokn og Rovde sokn i Herøy prestegjeld/kommune; Sande kommune og prg. frå 1867; Rovde eiga kommune frå 1905. I 1964 vart Rovdestranda (fastlandsdelen av Rovde) lagt til Vanylven prestegjeld/kommune, medan Skredestranda og Dalebygda/Larsnes vart lagt til Sande prestegjeld/kommune. Åram (på fastlandet) høyrde til Sande sokn, vart eige sokn i Sande prestegjeld i 1925, og vart overført frå Sande prg. og kommune til Vanylven prg. og kommune frå 2002.
Ein del av Sande sokn høyrde til Nærøy skipreide (saman med Herøy sokn) og resten til Vanylven skipreide (saman med Vanylven sokn).
Rovde sokn høyrde til Rovde skipreide (saman med Syvde sokn).

1.utgåve:
Jakob Bjørlykke og Olav Liset: "Soga um Sande og Rovde", 1935 (1b)

2.utgåve:
Bjarne Rabben: "Soga om Sande og Rovde", 1975-, bd.1-3 er gards og ættesoge, bd.4-5 almennsoge
Gardssoga femner om Sande og Rovde slik grensene var 1872-1963, bortsett frå at gardane Skoge, Brekke og Seljeset er rekna til Sande (var i Leikanger sokn, Herøy prg. 1872-1963; før/etter i Sande)

3.utgåve:
Olav Myklebust (red.): "Sandesoga", bd.1-3 , 1994-1997.
Gards og ættesoge ført fram til vår tid, eldre opplysningar omlag som 2.utgåve; namneregister.
Femner om Sande kommune på utgjevingstidspunktet, dvs som 2.utg utan Rovdestranda (dvs fastlandsdelen av tidlegare Rovde kommune er ikkje med). Utgjevar er Sande sogebokboknemnd.

3.utgåve kan kjøpast frå Sande kommune, Sogelaget, bankane på Larsnes (Kreditkassen, Sparebanken Møre) eller bokhandlarane i distriktet.
Det finst eit restlager av bd.4-5 av 2. utgåve.
2. utgåve, bd.1-3, og 1. utgåve er ikkje å få

Herøy
Herøy kommune etter grensene 1889-1964, medrekna Eiksundbygda (til Ulstein 1964), men utan gardane Skoge, Brekke og Seljeset (var i Leikanger sokn, Herøy prg./kommune 1872-1963; før/etter i Sande) .
Herøy sokn og ein del av Sande sokn var Nærøy skipreide.

Bjarne Rabben:
"Herøyboka", 8 bd., Herøy sogelag, 1962-1989
"Herøyboka - Gardar og folk" 3 bd, 1.utg 1962-63, 2.utg 1979-83 (namneregister i 2.utg)
"Herøyboka - Bygdesoga", 3 bd., 1972, 1973, 1989
"Herøyboka - Landslag og folkeliv", 1970
"Herøyboka - Ute i krig: Herøyværingar utalands 1940-45", 1979, 2.utg, 1987
Alle bøkene kan kjøpast frå Herøy sogelag, frå Herøy kommune, eller frå bokhandlarane i distriktet.

Ulstein og Hareid:
Ulstein prestegjeld med Ulstein sokn og Hareid sokn.
Ulstein kommune, Hareid kommune utskild 1917.
Vartdal sokn skild frå Hareid sokn 1877, eiga kommune 1895, har eigne bygdebøker.
Ulstein skipreide var Ulstein og Hareid, men utan Vartdal.

Ingvard Bjåstad: "Soga om Hareid og Ulstein - Den almenne delen", bd.1-2, 1970, 1977. -- bygdesoge fram til ca. 1880
Asbjørn Waage: "Bygdebok for Ulstein og Hareid - Gardar og folk", bd.3-4, 1982 -- gards og ættesoge for Ulstein
Ingvard Bjåstad og Asbjørn Waage: "Bygdebok for Ulstein og Hareid - Gardar og folk", bd.5-6, 1985 -- dette er gards og ættesoge for Hareid (med gardane sør på Sula).
Sverre Bjåstad: "Register og rettingar til Bygdebok for Ulstein og Hareid, band 3-6" -- inneheld personar fødde etter 1849
Knut J. Hasund og Asbjørn Waage: "Ulstein og Hareid i Amerika - ei lita emigrantsoge", 1986 -- oversyn over alle som ein veit reiste til Amerika - for kortare eller lengre tid.
Sverre Bjåstad: "Personboka 2000 for Hareid og Ulstein med register til bygdebøkene", 2001 -- inneheld alle som budde i Ulstein eller Hareid i 2000, og borna deira.

Ragnar Ulstein: "Lagunen og stormen : Ulstein - bygd i Europa 1940-45" (Aschehoug, 1999) -- krigssoge frå Ulstein.

Alle bygdebøkene kan kjøpast frå Ulstein kommune (bd.1-4), Hareid kommune (bd.1-2, 5-6) eller frå bokhandlarane i distriktet.

Hareid
Sjå under Ulstein, sjå også Vartdal.

Volda
Prestegjeld, hovudsokn, kommune.
Dalsfjord sokn utskilt 1910, kommune 1924-64, har eiga bok.
Ekset eller Volda skipreide var Volda sokn.

Per Aarviknes: "Volda-soga - Gardar og Slekter", bd. 1-3, 1970-73
[Manglar innhaldsliste (gardsliste) - eg har laga ei.]
 

Jostein Nerbøvik: "Volda-soga 1800-1945", Volda kommune, Volda 1996-2004
bd.1: "Krigsår og motstandsvilje, 1940-1945" (1996)
bd.2: "Holmgang mot havet 1838-1914" (1997)
bd.3: "Løyndom og røyndom : to fotografar i Volda 1898-1979" (2001)
bd.4: "Myndige møringar 1740-1870" (2004)
Fleire bind i allmennsoga er påtenkte.

"Busetnadssoga for Volda",  (Arnfinn Kjelland m.fl.)
bd.1: "Dalsfjorden" (2005), bd.2: Folkestad-Kilsfjorden-Bjørkedalen (2006), bd.3 Høydalen-Austefjorden-Hjartåbygda (2007), bd.4a: Øyralandet - Volda sentrum (2012), bd.4b: Røyslida-Heltnane-Vikebygda (2011), bd.5: Morkabygda-Lidabygda-Yksnøya (2009).

Bøkene kan kjøpast frå Volda kommune eller bokhandlarane.

Dalsfjord
sokn i Volda prg. frå 1910, kommune 1924-64, før/etter i Volda kommune.
Sverre Lyngnes (red.): "Dalsfjord", Bolk 1 "Bygda" 1967, Bolk 2 "Gard og ætt" 1965, samla i eitt bind.
Kontakt Volda kommune eller bokhandlarane
-- denne boka er eit dugnadsprosjekt og langt på veg bygd på opplysningar Per Aarviknes samla i tilknytning til arbeidet med Volda-bøkene. Der er ikkje spesielt mange feil, men boka er mindre fullstendig enn ein del andre bøker på denne sida.

Ny bok: Sjå under Volda (ovanfor).

Vartdal
høyrde til Hareid sokn, Ulstein prg., men til Ørsta skipreide (til 1822). Eige sokn 1877; til Ørsta prg. 1900. Eiga kommune 1895, til Ørsta 1964.

Johannes Buset: "Vartdalssoga 1 - Gards og ættesoge", 1964
Ivar Grøvik: "Vartdalssoga 2 - Allmenn soge, til 1895", 1982
Ivar Grøvik og Terje Aarset: "Vartdalssoga 3 - Allmenn soge, 1895-1940", 1985
Per I. Myklebust: "Vartdalssoga 4 - Allmenn soge: Gards- og ættesoge", 1999
-- utgjevne av Vartdal bygdeboknemnd
om utvandring: sjå Hjørundfjord
Kontakt Ørsta kommune eller bokhandlarane.

Ørsta
"gamle" Ørsta kommune, utan Vartdal og Hjørundfjord;
sokn i Volda prestegjeld, eige prestegjeld 1900
Ørsta skipreide (saman med Vartdal).

Ivar Myklebust: "Ørsta", 1933; gardssoge
-- dette var ei av dei første bygdebøkene i landet. Boka er svært rik på opplysningar om bygda, gardane og brukarane (og dei aller fleste er rette), men har ikkje med borna og kvar dei vart av.

Bjørn Jonson Dale: "Ørstingar - Ættebok for Ørsta", bd.I: 1600 -1900, bd. II: 1900-1998, Ørsta kommune 1995-1999
-- dette er eit systematisk register for alle ørstingar gjennom tidene, med slektstilhøve (dvs så langt kjeldene fortel).
Bjørn Jonson Dale: "Ørstatider", bd.1, 1996, artikkelsamling (fleire i kjømda).

om utvandring: sjå Hjørundfjord
Alle bøkene er å få (Myklebust i opptrykk): kontakt Ørsta kommune eller bokhandlarane.

Hjørundfjord
prestegjeld, sokn, skipreide; kommune til 1964, no i Ørsta kommune

Ivar Grøvik: "Hjørundfjordboka - Kultursoga", bd.1-2, 1975, 1977
Lars Strømme og Ragnar Standal: "Hjørundfjordboka - Gard og ætt", bd.3-5, 1988, 1990, 1993
"Register og rettingar med tillegg til bygdebøkene for Hjørundfjord", 1993 -- utgjevne av Hjørundfjord bygdeboknemnd

om utvandring:
Ragnar Standal: "Mot nye heimland : utvandringa frå Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta", 1985
-- utgjeven av Ørsta kommune, utvandrarnemnda og bygdeboknemndene


Regionale bøker

S. Indrelid og S. Ugelvik Larsen (red.): "-fra de første fotefar, Sunnmøres forhistorie", Sunnmørspostens forlag, Ålesund 1984.
Stein Ugelvik Larsen og Jarle Sulebust (red.): "I balansepunktet - Sunnmøres eldste historie", Sunnmørspostens forlag, Ålesund 1994.

Bjarne Rabben: "Folk ved havet - Fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal", 3 bd
bd.1: "Tida fram til 1900"
bd.2: "Tida 1900 til 1970-åra"
bd.3: "Spreidde drag frå fiskarkår og kystliv" (Her er det mellom anna ei liste over vel 5000 ein veit omkom på sjøen frå kring 1700 til 1970-åra, ordna kronologisk for kvart prestegjeld og sokn.)
Sunnmøre Fiskarlag - Romsdal Fiskarlag, 1982 (bd.1), 1983 (bd.2-3)

Ragnar Standal: "Vegar før vegar var II - Fjelleier på Sunnmøre og i Romsdal", Hjørundfjord sogelag, 1996. (Fyrste bandet er om Nordfjord, 1995.)

Ragnar Ulstein m.fl.: Om samferdsel i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Fylkesbåtar 1920-1995, Del I: Som skyttel i vev", Møre og Romsdal Fylkesbåtar, Molde 1995.

Fylkeshistorie for Møre og Romsdal, 3 bd.
Atle Døssland: "Med lengt mot havet - Fylkeshistorie for Møre og Romsdal I, 1671-1835" (1990)
Jon Tvinnereim: "Grotid i grenseland - Fylkeshistorie for Møre og Romsdal II, 1835-1920" (1992)
Arnljot Løseth: "Likskap og lagdeling - Fylkeshistorie for Møre og Romsdal III, 1920-1972" (1996)
Det norske samlaget, Oslo


Bokhandlarar i distriktet, dei har stort sett bygdebøkene i nærområdet:
(Bookstores in the district; "tlf"=phone, prefix for international calls is +47)

Eiken Libris, 6065 Ulsteinvik, tlf. 70 01 08 33, telefaks: 70 01 19 10
Vestvang Bokhandel, 6090 Fosnavåg (Herøy), tlf. 70 08 81 71
Haugen Bok, 6100 Volda , tlf. 70 07 45 00
Notabene Volda, 6100 Volda, tlf. 70 07 61 94
Brødrene Vik, 6140 Syvde (Vanylven), tlf. 70 02 30 48, telefaks: 70 02 31 99
A O Hovden Bokhandel, 6150 Ørsta, tlf: 70 06 61 15, telefaks: 70 06 78 17


Hit Counter

Utlagt oktober 1997, sist endra 28. juni 2013
Ivar S. Ertesvåg HEIMESIDE