Lensrekneskap 1606/07 for Sunnmøre.

avskrift v. Ivar S. Ertesvåg
Først lagt ut 15. mars 2004, sist endra 15. mars 2004.

Til historie/ættegransking    Til namnesida    Heimesida


Dette er den første heile rekneskapen for Sunnmøre som er teken vare på fram til vår tid. Frå tidlegare finst det ei liste over Landskatt og sagskatt, betre kjent som "Pengeskatten" 1603. Frå tida før det, er det berre skatte- og bøtelistene frå Tiandepengeskatten 1520-22 som finst av skattelister for Sunnmøre.

Lensrekneskap, Bergenhus , Sunnmøre
Arkivet er ordna i øskjer og legg (dvs arkivøskjer og mapper)
Til dømes viser referansen  3.5 (eller legg 3.5) til 3. øskje, 5. legg.
Katalog: "Lensrekneskapar" bd.2 s.124ff.
s.128: 1606-07, Lensrekneskap, Sunnmøre, 1/5 1606 - 1/5 1607) Legg 5.3

Merknader til avskrifta:
Avskrifta har eg først gjort etter mikrofilmkort, og deretter korrekturlest ei papirutskrift mot mikrofilmkortet igjen.
Særskilt notasjon:
I avskrifta viser til dømes (3B-3) til 3. mikrofilmkort (i legget) og 2.rad (B), 3.kolonne (oppslagsside) på mikrofilmkortet.
På eitt kort er det 5 rader og 6 kolonner. Det første biletet er eit katalogkort, slik at (1A-2) er (oppslags-)side 1 og det er 29 sider på det første kortet. Resten kan du sikkert rekne ut sjølv.

"(fol.)" viser nytt ark. Skattane er summerte for kvart ark, "Summa Foly" = sum for arket (for og bakside). Nokre stadar for berre ei side; "Summa laterum" = sum for sida.
Romartal med \ framføre viser "strek over" dvs ein halv mindre, t.d. \j = 1/2; \v = 4,5; \x = 9,5;
Møne eller hake ^ viser heva skrift; j^ct = 100; i\j^ct = 150; ij^m = 2000.
Likeins i forkortingar: "for^ne" ("forskreffne" - altså noko(n) som er omtala tidlegare) der "ne" er heva på lina;  "Th^e" for "Thønde(r)".
Rettingar i originalen, er markerte med % før og etter det som er retta, t.d. tyder "%ibid% Gussdall" at det først er skrive "ibid", og så er dette retta til "Gussdall".

Teikna ----\

og ----|
og ----/  j G ij K
har eg nytta i avskrifta for å vise grupper som er samla med ei klamme i skattelista. Desse tre har altså lagt eitt geiteskinn og to kalveskinn i leidang saman for heile garden (eller ein del av garden) utan at skatteinnkrevjaren har brydd seg med kven som yter kva.

Eigne kommentarar har eg sett til i hakeparentesar [slik].
Skrifta er tolleg fin og grei å lese. Men somme stadar kan det vere tvil, anten fordi mikrofilmen er svak eller fordi skrifta er rotete eller tilflekka. Det er merka med (?). Eg har lagt vinn på å gjere avskrifta bokstavrett. Finn du noko som ser "merkeleg" ut, kan det vere min feil (send ein e-post og spør) - men det kan også vere skrivaren som har gjort "feil". Han har t.d. konsekvent skrive Jahannes og Thamis, ikkje Johannes og Thomis. Likeins i ein del gardsnamn, t.d. Stacke, Stacksett, Ragne der vi ville skrive -o-. Den einaste tilmåtinga eg har gjort, er i føre- og gardsnnamn med I/J som førebokstav som skrivaren varierer fritt. Her har eg følgt den moderne praksisen og skrive "Iffuer", "Jonn", "Jelde", m.m., sjølv om det kunne stå "Jffuer", "Ionn" og "Ielde".

Leidangen er lagt i geiteskinn og kalveskinn. Ved summeringane er dette talt opp i "deger" (dekader = 10)
Korntienden er lagt i mæler ("M") og fjerdingar ("F" = 1/4 mæle)
Landskyld er lagt i turrfisk og smør.
Verdien av desse varene framgår av eit Ekstrakt som føgde med rekneskapen. Det er ikkje med i avskrifta, men Stein Ugelvik Larsen i "I balansepunktet - Sunnmøres eldste historie", s.330, attgjev prisane:
Fisk, smør og skinn vart selt i Bergen.
1 våg fisk= 1 dalar
10 geiteskinn = 2 dr, 10 Ksk = 2 ort (mk) = 1/2 dr; og altså 4 Ksk = 1 Gsk i leidangen
Smøret vart selt samla, og prisen svarar til 1,72 skilling/mark = 41,25 ss/pund = 0,625 dr/pund.
Korn, ost og sild kjøpte bøndene attende sjølve:
1 tunne korn = 2,5 ort = 41,25 ss = 0,625 dr
1 mele (1/4 tunne) = 10,31 ss = 0,155 dr ; 1 fjerding = 2,58 ss = 0,039 dr
1 våg ost = 3 ort (mk); 1 pund = 1 ort (mk) 1 tunne sild = 3 ort
For ein brukar med 3 fjerdingar korntiend og 3 kalveskinn i leidang, svarar altså skatten til litt over 1 ort (1/4 dr) i pengar.

Giskegodset vart lena vekk særskilt. Det ser ut til at gardar som høyrde til Giskegodset ikkje er med her. Det gjeld iallfall for Ulstein skipreide (= Ulstein sokn og Hareid sokn utan Vartdal) der Strandabø, Øvre og Nedre Rise med Holen, Hovlid, Hareid (ein part), Nøringset, Sulebust, Sulebakken og Røysa (dei fire siste ligg i dag i Sula kommune) manglar.


Med tida har eg tenkt å lage ei formattert/tabellert utgåve (tida vil vise).....
Kanskje skriv eg eit program som kan lese og lage lage statistiske oppgåver frå leidang og tiend-rekneskap.
Dersom du har spørsmål, feilrettingar eller andre kommentarar, send meg ein e-post: ivar.s.ertesvag ntnu.no


 


Sundmørslehns Regenschab
Beregnitt fran Phillippi
Jacobi dag Anno j606 och
till samme Aarsdag igienn
Anno j607

Mønnten herudi beregnid som dhend førgieh.
4 mk eller 66 ss. till j gamble daller


Smør wegtenn

24 mareg ehr --- j pundh
 3 Pundh ehr --- j Løb

Kornn Maallidt
4 Fgr ehr ---- j Melle
16 Fgre eller \
4 Meller      / er --- j Tønde

10 Hudher eller schind er --- j deger  
 

Landskyld
Landskyld, Kruna og Stiftet etter skipreide
Landskyld for Elgeseter gods etter skipreide

Leidang og tiende
Leidang og korntiende frå kvar brukar ordna etter skipreide
Tiende av ost for kvart sokn og for laks og sild for heile lenet.
Tiende av fisk for kvar skipreide

Summa Summarum Paa Aldt
for^ne Konn: Maytz Landschyld, Leding
Kornn thiende, Oustethiende, fischethiende,
Lax tiende, och thiende Sildt Som er faldenn
Wdi dette Aar Paa for^ne Sundmør aff
Kronens, Stigtens och Elsetters guodtz
Fraa Phillippi Jacobi Dag Anno j606
Och till Aarsdagenn igien Anno j607
Beløber sig,

Pendinge ----- ij dr                               [2 dr]
Fisch    ----- \v ^ct xL\x Woge j pd x mk          [499,5 våger 1 pd 10 mk]
[rett sum: 499 våger 1 pd 10 mk]
Smør     ----- xxxiii\j woger j pd j mk            [33,5 våger 1 pd 1 mk]
Lax      ----- i\j Th^ne                           [1,5 tunne]
Sild     ----- iiij Th^ner                         [4 tunner]
Giedschindt   ----- \j ^ct xix deger j schind          [691 skinn]
Kalschindt    ----- ij ^ct xLvj deger iiij schind      [2464 skinn]
Haffre Kornn  ----- ij ^ct Lvij Th^r i\j Meller j frg. [257 Tr 1,5 M 1 F]
Ouste         ----- xxx\v woger                        [34,5 våger]

Bygselavgifter
Gardfesting, førstebygsel for kvar bygslar etter skipreide
Tredje års bygsel for kvar bygslar etter skipreide

Skipstoll

Sakefall Pådømde og innkravde bøter etter skipreide

Summa Summarum Paa Ald for^ne
Bøgsell Lanndbouedsell, schibstold och
Sagfaldt Som Wdj dette Aar er
faldenn paa for^ne  Sundmør fraa
Phillippj Jacobj Dag Anno j606
Och till Aars Dagenn igienn
Anno j607
Beløber sig

Pendinge ---- j ^m iii\j ^ct xxxv\j dr iiij ss     [1385,5 dr 4 ss]
Rugsølff --------- j ^ct xix lod                   [119 lodd]


[anna hand, svakare på mikrofilmen:]
Thill widnisbyrd haffuer ieg Hanns Simonss
Fougid paa Sundmør thrøgt mitt Signet her
nedenn forr och med egen hannd Nedschreffett
datum Bergennhus den 5 Junij Ao 1607


Hans Simonsen
Egen hannd


Litt statistikk:
Bønder (leidangs- og korntiend-ytarar), husmenn (berre leidang), sum for leidang og korntiend

Ulstein skipreide: 146 + 5H + ??; 57 Gsk 179 Ksk; 66 M
Nerøy skipreide: 137 + 8H; 77 Gsk 136 Ksk; 65,5 M
Vanylven skipreide: 195 + 4H; 78 Gsk 202 Ksk; 83 M
Rovde skipreide: 155 + 4H; 70 Gsk 99 Ksk, 61,5 M 1,5 F
Volda skipreide: 272 + 8H; 91 Gsk 244 Ksk, 91,5 M
Ørsta skipreide: 214 + 8H; 75 Gsk 192 Ksk, 85,5 M 1,5 F
Gryta skipreide: 61(62) + 16H; 49 Gsk 83 Ksk, 42,5 M
Vatne skipreide: 63 + 14H; 19 Gsk 136 Ksk, 33 M 1,5 F
Borgund skipreide: 120 + 15H; 37 Gsk 182 Ksk, 66,5 M 1,5 F
Dale skipreide: 368 + 15H; 64 Gsk 440 Ksk, 218,5 M
Valle skipreide: 236(237) + 13H + 2??; 48 Gsk 337 Ksk, 139,5 M 1 F
Hjørundfjord skipreide: 164 + 7H +2??; 24 Gsk 234 Ksk, 75 M

I tillegg er lensmennene førte opp utan skatt, og likeins futen på Moldver. Dei fleste skipreidene har ein lensmann, men Ulstein manglar (vakans?) medan Gryta, Dale og Valle har to lensmenn.
Merk at brukarar på Giskegods-gardar (sannsynlegvis) manglar i desse listene.

"??" viser til nokre stadar (5 i alt) der det berre er plassenamn, ikkje personnamn. Døme: "For Stølle" ved Dimna i Ulstein. Desse har lagt leidang som husmenn (1 kalveskinn). Det kan vere husmenn der ein har gløymt å føre inn namnet, eller det kan vere øydebruk grannane har skatta for.
Eit par stadar er to personar førte som ein skattytar. Parentesen etter skattytartalet viser persontalet.


Skipreider og sokn, 1607:

Ulstein skipreide: Ulstein sokn, Hareid sokn utan Vartdal
Nerøy skipreide: Herøy sokn, del av Sande sokn
Vanylven skipreide: Vanylven sokn, del av Sande sokn
Rovde skipreide: Rovde sokn, Syvde sokn
Volda skipreide: Volda sokn
Ørsta skipreide: Ørsta sokn, Vartdal i Hareid sokn
Gryta skipreide: Vigra/Roald sokn, del av Borgund sokn, del av Vatne sokn, del av Haram sokn
Vatne skipreide: del av Vatne sokn, del av Haram sokn
Borgund skipreide: del av Borgund sokn
Dale skipreide: Norddal sokn, Stranda sokn, Stordal sokn, Sunnylven sokn, Geiranger sokn, litt av Ørskog sokn
Valle skipreide: Skodje sokn, det meste av Ørskog sokn, det meste av Sykkylven sokn
Hjørundfjord skipreide: Hjørundfjord sokn, noko av Sykkylven sokn