Nye tider, nye skikkar

Du som inn i rømda mi har stige,
og som søkjer gaman, smil og lått,
lyt sleppe vona, sjå mot røynda;
her er dåmen av ein annan hått.

Det har i det siste vorte mest ein farsott å publisere tankane sine på internettet, som har det sams trekket med tankane at det er utan grenser og forbod. No greier heller ikkje eg å halde meg for god til å følgje straumen, enda kor vondt det gjer sjølvkjensla mi.

Her skal eg altså publisere tankar og meiningar, rakke ned på gud og kvarmann, spy gallen min ut over uskuldige og ubudde lesarar, seie nokon kvar eit pauli ord og kanskje på gode dagar spore til litt ettertanke. For den beste og mest treffande tanken er ofte den som kjem etterpå.

God lesnad, vyrde vitjar!