[HEIM]

Stille natt

Stille natt! Heilage natt!
Alle søv, eine att
sit dei unge, dei utvalde tvo,
ser på barnet, so lukkeleg no:
|: Sov i himmelsæl ro! :|

Stille natt! Heilage natt!
Hyrdingar fær høyra radt:
Frå den himmelske englehær
tonar til deim frå fjern og nær:
|: Krist, vår Frelsar, er her! :|

Stille natt! Heilage natt!
Jesusbarnet vår dyre skatt!
Kjærleik lyser frå bodskapsord
til dei lengtande folk på jord.
|: Jesus er gåva vår stor! :|

Joseph Mohr


Denne sida vart sist endra 17.12.2004.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.