[HEIM]

Sæle jolekveld

Sæle jolekveld!
Englar høgtid held,
syng i dag den same songen
som dei song den fyrste gongen
yver Betlehem:
Sjå, din Frelsar kjem!

Sæle jolekveld!
I vårt låge tjeld
vil no Jesus heimvist taka,
so hans brøder små kan smaka
her på jord den fred
som Guds englar gled.

Sæle jolekveld!
Ned i daudens dæld
liv som dogg um morgon laver;
Då me sat imillom graver
gruvande og gret,
himmeln upp seg lét.

Sæle jolekveld!
Du det under veld,
at me små kann glade mæla
høgt um liv og fred og sæla,
som Guds barnekor
frå den frelste jord.

Sæle jolekveld!
Lat ein heilag eld
stiga høgt i logar klåre
upp ifrå vår låge åre,
brenna i kvart bu
høgt i takk og tru!

Sæle jolekveld!
Englar høgtid held,
lovar Gud for dei fekk kveda
ut på jord den store gleda.
Syng då alle med,
jord og himmel kved!

Elias Blix


Denne sida vart sist endra 05.12.2004.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.