[HEIM]

No koma Guds englar

No koma Guds englar med helsing i sky,
Guds fred og velsigning dei bjoda.
No stig ifrå jordi ein helgasong ny,
som skal gjenom himmelen ljoda:
Guds fred og vel møtt,
du barn som er født!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Til frelsa den fyrste er kåra og krynd
og komen til løysing og lukka
for menneskeborn som er fødde i synd
og alt uti vogga må sukka.
Guds fred med dei små
som honom fekk sjå!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

I djupaste myrker vart himmelen klår
då stjerna av Jakob seg viste.
I hardaste vetter det grønkar som vår,
og fagraste knupp spring av kviste.
Guds fred og god jol
med sumar og sol!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Der ute er jordi so isende kald,
og trei stend svarte i skogen.
Men Isai stuv, som til frelsa er vald,
skyt livskvisten fager og mogen.
Guds fred med den tein
av grønkande grein!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

No stjerna frå Betlehem lyser om land
frå høgsal til armaste hytta.
Det ljosnar so vent yver dalar og strand
der inn hennar strålar få glytta.
Guds fred yver mold!
Vår sol og vår skjold.
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

No ljodar ein lovsong frå alle Guds born,
på alle folks tungor dei kveda.
Så vida som klokkone tima frå tårn,
stig tonar av hugnad og gleda.
Alt kling som i kor:
Guds fred yver jord!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Lat gjetordet ganga frå grend og til grend
so vida som tunga kan mæla,
om sonen som er oss frå himmelen send,
all verdi til siger og sæla!
Syng ut i kvar bỳgd:
Guds fred ifrå høgd!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Den freden meg fylgje frå vogga til grav,
meg hugge i såraste suter!
So segjer eg når eg frå verdi fer av
og døyande hovudet luter:
Guds fred og farvel!
No sovnar eg sæl.
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Elias Blix


Denne sida vart sist endra 02.12.2006.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.